Politiet i Os bed om tips etter innbrot i to firmabilar i nærleiken av Brimsholmen.
Politiet i Os bed om tips etter innbrot i to firmabilar i nærleiken av Brimsholmen.

Innbrot i bilar

I løpet av helga har det vore innbrot i to firmabilar som stod parkerte på ein parkeringsplass i nærleiken av Brimsholmen.

Bilane tilhøyrer verksemda Eltel, og ifølgje politiførstebetjent ved Os lensmannskontor Rune Fimreite, har tjuvane kome seg inn i éin av bilane ved å bryta opp låsen. Dei har òg prøvt å få opp låsen på den andre bilen.

– Frå den eine bilen manglar det ein vinkelslipar og ei skrumaskin, opplyser Fimreite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje politiførstebetjenten har det vore tilsvarande innbrot i Bergen i helga. Også der var det bilar frå Eltel som vart utsette for tjuveri.

Politiet bed folk som kan ha sett noko i samband med innbrotet om å ta kontakt på 56303900.

camilla.kvamme@osogfusa.no