(
(

Innbrot i privat barnehage

Politiet står førebels utan konkrete mistenkte etter eit innbrot i ein barnehage i Os i natt, men lensmann Oddbjørn Dyrdal seier at dei undersøkjer fleire gode spor.

Klokka 04.10 i natt fekk politiet melding om eit innbrot i ein privat barnehage i Os. Dyrdal ønskjer ikkje på noverande tidspunkt å opplysa om kva for ein barnehage det er snakk om.

– Vi trur at det er snakk om fleire gjerningsmenn. Dei har teke seg inn via eit vindauge. Vi har sikra spor både på utsida og innsida av vindauget, seier Dyrdal og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er observert to ulike køyretøy i området, og det er overvaking i barnehagen. Vi har med andre ord ein del å gå etter.

Fekk det travelt

Politiet er usikre på kva og kor mykje innbrotstjuvane fekk med seg.

– Dei har sannsynlegvis fått det travelt då alarmen blei utløyst, seier Dyrdal.

– Har de nokre mistenkte?

– Ikkje konkrete, men vi har som sagt mange gode tips, så vi har god tru på at vi skal oppklara dette, seier Dyrdal.

Utan gyldig førarkort

Tysdag ettermiddag blei ein bilførar stoppa på Halhjemsvegen. Det viste seg at mannen i 50-åra køyrde utan førarkort.