Det var tilsette ved skulen som melde frå.
Det var tilsette ved skulen som melde frå.

Innbrot på Kuventræ skule

Politiet har vore på Kuventræ skule og gjort åstadundersøking etter innbrotet som blei oppdaga tysdag morgon.

– Politiet fekk melding om innbrotet klokka halv åtte i dag tidleg. Det var tilsette ved skulen som melde frå, seier politibetjent, Kjetil Hansen.

Knust rute

Den eller dei som har brote seg inn har teke med seg ein prosjektor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Klasserommet har vore avsperra medan vi har gjort åstadsundersøking. No er det frigjeven, og vi ventar på tilbakemelding frå skulen om det er fleire ting som er stolen, seier Hansen og legg til:

– Det ser ut til at nokon har teke seg inn gjennom eit vindauge, då det er ei rute som er knust på staden.