Før gudstenesta var det guida tur i og rundt Holdhus kyrkje.
Før gudstenesta var det guida tur i og rundt Holdhus kyrkje.

Innhaldsrik olsok- feiring på Holdhus

Kristninga av Noreg i 1030 vart markert på ulike måtar på Holdhus.

Om ettermiddagen 29. juli var det guiding i gamlekyrkja der det var godt oppmøte, før ein heldt fram med gudsteneste. Sokneprest Einar Ekerhovd starta preika ved å prata om kvifor vi feirar olsok og kristninga av Noreg. Han la vekt på kor viktig det er å ta vare på kristenarva vår – og våga å stå for kristentrua også i vår tid. Han kom også inn på historia om at det til alle tider har kosta å stå opp for trua.

Olsokfest på skulen

Det var som vanleg god salmesong i nesten fullsett kyrkje denne olsokkvelden. Songen vart leia av organist Rebekka Attramadal. Rebekka framførde som solist fleire vakre salmar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare på kvelden var det olsokfest på Hålandsdalen Montessoriskule. Her var det ei god blanding av tradisjonsmat, musikk og kåseri. Kvartetten «Litt av kvart» frå Oma song varierte songar til stor glede for eit fullsett lokale.

Toril Hjartåker Hauge fortalde ei historie frå Hålandsdalen på 1300-talet – om tremenningane Ragnhild og Bård som ikkje fekk kvarandre på lovleg vis. Den gongen kunne ein ikkje gifta seg før ein var kome til 7-menningar, rett nok kunne ein søkja om å gifta seg med 6- eller 5-menning. Dette dramaet enda med at Ragnhild frå Hålandsdalen vart dømt som heks – som den einaste i Noreg i Middelalderen.

Heile historia skulle fleire ha fått høyra - så levande som kåsøren fortalde ho denne kvelden.

Kvelden heldt fram på Hålandsdalen Montesorriskule etter turen i kyrkja.
Kvelden heldt fram på Hålandsdalen Montesorriskule etter turen i kyrkja.
Toril Hjartåker Hauge fortalde ei historie frå Hålandsdalen på 1300-talet ñ om tremenningane Ragnhild og Bård som ikkje fekk kvarandre på lovleg vis.
Toril Hjartåker Hauge fortalde ei historie frå Hålandsdalen på 1300-talet ñ om tremenningane Ragnhild og Bård som ikkje fekk kvarandre på lovleg vis.
Vokalgruppa «Litt av kvart» frå Oma stod for musikalsk innslag.
Vokalgruppa «Litt av kvart» frå Oma stod for musikalsk innslag.

Dobbelkake og raudedravle

Og sjølvsagt tradisjonsmaten med raudedravle og dobbelkake gjorde sitt til at alle gjekk både mette og vel nøgd heim denne kvelden.

Olsok på Holdhus er ein tradisjon og skjer i samarbeid mellom bygdautvalet i Hålandsdalen og Fusa sokneråd

Harald Geir Sæther