I år vil 17. mai-toget gå gjennom over promenadegata i sentrum. Stine Kobbeltvedt og Kjetil Osablod Grønvigh frå 17. mai-komiteen, og komitee-aspirant Grim Spencer Sælen Grønvigh, gler seg til nasjonaldagen.
I år vil 17. mai-toget gå gjennom over promenadegata i sentrum. Stine Kobbeltvedt og Kjetil Osablod Grønvigh frå 17. mai-komiteen, og komitee-aspirant Grim Spencer Sælen Grønvigh, gler seg til nasjonaldagen.

Innvier promenadegata i 17. mai-ruta

Med nydekt «stovegolv» og vidstrakte baldakinar frå husveggene er det på sin plass at 17. mai-toget går gjennom bydraget.

– For litt sidan fekk me innspel på at toget burde gå gjennom den nye, flotte hovudgata i sentrum. Det er jo innlysande, det må vi berre. Då slepp vi også å stengja heile rundkøyringa, og toget kan tøffa gjennom sentrum, seier leiar i 17. mai-komiteen, Kjetil Osablod Grønvigh.

– Innspel frå publikum skal ein ikkje kimsa av, seier komite-kollega, Stine Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, alle kan få sitja i komiteen om dei vil, seier Osablod Grønvigh og ler.

Avsluttar i promenadegata

Årets 17. mai-prossesjon vil i år starta på skuleplassen ved ungdomsskulen, etter nokre år på grusplassen.

– På grunn av ombygging på ungdomsskulen blei oppstilling- og startområde flytta til grusplassen. Ved å flytta attende gjer ein at bunadane ikkje blir full av støv om det er fint ver, og så slepp ein søla om det regner, seier Stine Kobbeltvedt.

Toget vil gå over brua, opp Finnabrekka kryssa Hatvikvegen, og gjennom den vetle stien til Luranetunet, kor det blir utdeling av blomar til den eldste på Luranetunet.

– Toget held fram ned Smiabakken. Samstundes har bilane trilla ned til Kiwibutikken, seier Osablod Grønvigh.

Nytt av året, er at toget svingar inn ved iSushi og inn i Brugata, før ein går over ned nye golvet i sentrum og ut til høgre i krysset ved Lundehjørnet og bort på Kyrkjeflata.

Tuklar med tradisjonen

Det blir sjølvsagt også laga 17.mai-program, men også her er det ei endring. I år kjem programmet digitalt.

– Dei har gjort dette i Bergen kommune i to år. Det er rett og slett eit miljøtiltak. Vi har eit opplag på over 7.000, så det er snakk om mykje papir. Ein annan fordel er at vi kan endra på programmet tett opptil nasjonaldagen, skulle det vera naudsynt, seier Osablod Grønvigh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Komiteen har fått hjelp frå kollegaar i kommunen, som er gode på sosiale medium og nettstaden til kommunen.

– Ein skal enkelt kunna trykka seg inn på programmet via mobil eller datamaskin. Der finn ein program for alle krinsane. Vi kjem til å trykka eit begrensa opplag, som kjem til å bli lagt ut på kommunetorget, seier Osablod Grønvigh.

Kobbeltvedt og Osablod Grønvigh er klare over at dei rokkar ved ein tradisjon. Dei tok kontakt med Bergen kommmune for å høyra korleis folk hadde reagert på omlegginga.

– Dei einaste reaksjonane som hadde vore, kom frå dei som samlar 17.mai-programma. Det er ein tradisjon vi tuklar med, men vi meiner å ha teke høgde for at alle som vil ha, skal få, seier Osablod Grønvigh og held fram:

– Dei som vil, kan sjølv printa ut, eller henta eit program. Eg køyrer også gjerne heim til folk med eit program om argumentasjonen er god nok.

Har teke pulsen på Os

Det er framleis halvanna veke att til nasjonaldagen. Dei to vil ikkje røpa for mykje, så tidleg i løypa.

– Vi kan vel seia kven som skal vera hovudtalar, seier Osablod Grønvigh og snur seg til Kobbeltvedt.

– Nei, vi ventar litt, seier Kobbeltvedt og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spanande blir det, i alle fall. Vi har teke pulsen på Os. Det vil ein få oppleva. Alle dei tre talarane på Luranetunet, i Minneparken og på Kyrkjeflata har det same stikkordet. Det blir tre ulike tolkningar av same tema, seier Osablod Grønvigh.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no