Inviterer til Champions League-fest i Oseana
Med egen build up før kamp, lokalt panel og Fifa-turnering, inviterer Fjordfolk og Oseana til Champions League-fest og Tottenham-Liverpool på storskjerm 1. juni.
- Her bilr det både konkurransar, aktivitetar og kule premiar før kampen. I god tid før kampstart blir det også eiga oppkøyring med gjester på scenen. Gjestene er Knut Fjellvang, Børge Lunde, Ørjan Håland, Eirik André Hesthamar, fortel Christoffer Kobbeltvedt som er salssjef i Fjordfolk. Han blir også med på scenen.
Gjestene vil ta publikum gjennom laga, snakka om spelarar, spå utfallet av kampen og lodda stemninga blant publikum.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Mulig det blir ei historie eller to også, seier Kobbeltvedt.
- Vi ønskjer å inkludera alle som vil sjå fotball på ein heilt annan måte, sitjande i eit amfi med stort lerret og bra lyd. Vi håper også på litt «tribune-stemning», smiler han.
Arrangementet er frå aldersgruppa 10 år og oppover, og Oseana Kafe og Restaurant køyrer eigen finale-meny.
- Dei som er under 15 må ha verge, opplyser Kobbeltvedt.
Dette er første gong det vert vist fotball i Oseana, og salssjefen i Fjordfolk er glad for at Oseana legg til rette for slike arrangement også.
- Fotball er jo kultur, seier Kobbeltvedt og held fram:
- Vi oppfordrar alle som liker fotball til å bli med og skapa ein skikkeleg fotballfest i Oseana.
Catten viser også kampen denne kvelden.