Musikkmeldarane har vore samstemte i sin skryt av Tom roger Aadland sine gjendiktingar av Dylan. Han har fått gode kritikkar òg for sitt eige låtmateriale.
Musikkmeldarane har vore samstemte i sin skryt av Tom roger Aadland sine gjendiktingar av Dylan. Han har fått gode kritikkar òg for sitt eige låtmateriale.

Inviterer til intimkonsert med Aadland

Tom Roger Aadland er gjest i Torsdagsakademiet 4. oktober. Aadland har dei siste åra nådd eit stadig større publikum, både med sine tolkingar av Bob Dylan på norsk og eige materiale. Med slektsrøter på Ådland har han eit heilt spesielt forhold til Fusa.

Tom Roger Aadland var i Fusa hausten 2015 og vinteren 2017. Sist gong var Bob Dylan i fokus. Dylan fekk nobelprisen i litteratur i 2016 og det var litt av ein fulltreffar av Tom Roger Aadland å gje ut sine tolkingar av Dylan sin klassikar frå 1966, «Blonde on Blonde», same hausten som nobelprisen kom.

I 2017 kom eit kritikarrost album «Songfugl» med eige materiale: Fleire songar frå plata er blitt spelt mykje på radio som «Alle dei i ei» og «Sommar utan ende». Han kom òg med ein hyllest til landsdelen han kjem frå. Låten «Vestland» kan gå rett inn som «regionsong» for det nye storfylket. Nok ein gong god regi frå Aadland si side. Siste singelen, «Sandharpesong», som kom tidlegare i år, er med tekst av Kjartan Fløgstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Røter i Fusa

Rogalendingen Tom Roger Aadland, med farsrøter frå Ådland, har travle dagar, men har heldigvis plass i turneplanen til eit besøk i Fusa. Aadland har etablert seg som artist i godt vaksen alder. I tillegg til sine eigne produksjonar har han blitt ein ettertrakta låtskrivar og har m.a. skrive tekstar for artistar som Hellbillies.

Musikkmeldarane har vore samstemte i sin skryt av Aadland sine gjendiktingar av Dylan. Han har fått gode kritikkar òg for sitt eige låtmateriale. Når ein tillegg veit at Aadland er ein glitrande gitarist og formidlar, er det berre å gle seg til ein ny stor kveld i Torsdagsakademiet.

Alle musikkinteresserte fusingar må finna vegen til biblioteket i Eikelandsosen denne kvelden.

Eirik Vangsnes

Kulturleiar