Ungdomane som spelar i både Os Skulekorps og Os Musikkforening. Regine, Kamilla, Thomas, Erlend, Ragnhild Kristine, Åshild og Vibeke.
Ungdomane som spelar i både Os Skulekorps og Os Musikkforening. Regine, Kamilla, Thomas, Erlend, Ragnhild Kristine, Åshild og Vibeke.

Inviterer til julekonsert i Os Kyrkje

2. søndag i advent inviterer Os Musikkforening til konsert i Os Kyrkje. Vi ynskjer å skapa den gode førjulsstemninga.

Os Skulekorps og Os Vocalis er våre gjester. Og publikum får sjølvsagt stemma i på «Deilig er jorden» - kanskje dei til og med kan nynna med på nokre av songane i eit julepotpurri?

Os Vocalis har nett vore i Praha og sunge seg til sølv i den internasjonale korfestivalen som er den eldste og mest tradisjonelle for advents- og julemusikk i Europa. Me gler oss til å høyra vakker julesong. Det blir flott og stemningsfull musikk som mange vil dra kjensel på. Spesielt på søndag er at dei har sett saman eit program der dei klarar seg utan dirigent!

Artikkelen held fram under annonsen.

Os skulekorps har hatt ein aktiv seinhaust med storslått Disney-konsert i Oseana og deltaking med nytt program i konkurransen Fanafestivalen helga etter – ungdommen har stor kapasitet. Og no har dei hatt nokre øvingar kor dei har øvd inn julemusikk. Ungdommane er allsidige og dei har solistar frå eigne rekkjer – både song og blås. Dirigent for skulekorpset er Marius Fevang Thorstensen.

Os Musikkforening blir leia av Karl Ole Midtbø. Vi har eit variert program som vi vonar vil falla i smak. Frå haustens «Husker du»-konsert i Tunet, der vi hadde vi eit strålande publikum, tar vi med oss Gabriels Obo. Slik vakker musikk kan ikkje spelast for ofte. Vårt hovudverk er «PrimaVera, vindar frå fjellet» av den japanske komponisten Satoshi Yagisawa – nydeleg musikk som verkeleg gjev ei god stemning. Meir tradisjonell julemusikk blir det sjølvsagt også plass til.

Vi gler oss til å spela for deg på søndag!

Os Musikkforening