20. juni 1987 kom den aller fyrste Os & Fusaposten ut. 30 år har gått, og det vil avisa feira med kakefest fredag.
20. juni 1987 kom den aller fyrste Os & Fusaposten ut. 30 år har gått, og det vil avisa feira med kakefest fredag.

Inviterer til kakefest i sentrum

Os & Fusaposten fyller 30 år. - Det har me lyst til å feira med alle som tek turen til marknadsdagane på Øyro, smiler marknadsleiar Karen Helland Velure.

20. juni 1987 kom den aller fyrste Os & Fusaposten ut. 30 år har gått, og det vil avisa feira med kakefest fredag.

- Kaka er bestilt. Serviettar, twist og flagg er kjøpt inn. Så det er berre til å ta turen til Øyro fredag ettermiddag. Då er marknadsdagane godt i gang, det er mykje å få med seg, og så kan ein altså få eit kakestykke innimellom slaga, seier Velure.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho og avisa gler seg til å feira i lag med alle som tek turen innom standen utanfor redaksjonslokala i sentrum.

- Dette er eit fint høve til å visa at me set pris på og er takksame overfor lesarane våre.