Det store bjørnefjordmåltidet i Oseana i fjor. I år vert det endå større.
Det store bjørnefjordmåltidet i Oseana i fjor. I år vert det endå større.

Inviterer til nytt og endå større Bjørnefjorden-måltid

Planlegginga av årets Bjørnefjorden-måltid er i full gang. Datoen er sett.

Alle medlemer i Bjørnefjorden Matkultur mottok tysdag ei oppmoding om å ha årets arrangement i tankane når dei no set råvarer i jorda.

- Dette er for å ha mest og best mogleg råvarer tilgjengeleg til haustens arrangement – ein viktig føresetnad for måltidet, fortel næringssjef Daniel Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er venta råvarer frå alle kommunar kring Bjørnafjorden: Fusa, Os, Tysnes og Samnanger.

Årets arrangement går av stabelen 6. oktober, og har fått tittelen «Det endå større Bjørnefjorden-måltidet», for å setjastandarden for kva gjestene kan venta seg, kommenterer Skotheim.

Som i fjor er menyen hemmeleg. Dette har vist seg å vera ein viktig del av spenninga og opplevinga kring arrangementet, påpeikar næringssjefen.

Hovudansvaret for planlegginga av menyen er tildelt matattaché Gunnar Nagell Dahl og Silja Døsen Moberg frå Osøyro Kolonial.

jostein@osogfusa.no