Røde Kors gjennomfører kvart år ein kampanje i samband med den internasjonale Røde Kors-dagen 8. mai.  I Noreg er temaet i år fyrstehjelp og personleg beredskap
Røde Kors gjennomfører kvart år ein kampanje i samband med den internasjonale Røde Kors-dagen 8. mai. I Noreg er temaet i år fyrstehjelp og personleg beredskap

Inviterer til storstilt livredningskurs

Fyrstehjelp er årets tema for kampanjen i samband med Røde Kors-dagen 8. mai. I Os inviterer lokallaget til storstilt kursing.

jostein@osogfusa.no

Røde Kors gjennomfører kvart år ein kampanje i samband med den internasjonale Røde Kors-dagen 8. mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Noreg er temaet i år altså fyrstehjelp og også personleg beredskap. I Hordaland Røde Kors er målet å gjennomføra kampanjen ved å arrangera 100 fyrstehjelpskurs for publikum.

Då Os Røde Kors drøfta den lokale gjennomføringa av kursa, dukka ideen opp om å reisa ut i kommunen i staden for å arrangera alle kursa i Røde Kors huset.

– Me tok kontakt mde ungdomslaga og aktivitetshuset på Nore Neset og spurte om dei kunna halda hus, og me kurs. Me fekk ein eineståande respons, fortel Kristian Strønen i lokallaget.

No ventar ni kurs i livreddande fyrstehjelp i perioden 2. til 11. mai. Kvart kurs vil ha plass til 20 deltakarar.