Ruben Hetlevik prøvde fleire gonger å få stilt spørsmål om annuleringa og det raude kortet etter kampen, men kampleiar Kristoffer Hagenes frå Hovding TIL ba Hetlevik gå bort og heller prata med han etter han hadde roa seg ned i garderoben.
Ruben Hetlevik prøvde fleire gonger å få stilt spørsmål om annuleringa og det raude kortet etter kampen, men kampleiar Kristoffer Hagenes frå Hovding TIL ba Hetlevik gå bort og heller prata med han etter han hadde roa seg ned i garderoben.

Isfront etter kampen

Ruben Hetlevik hadde plausibel grunn til å vera frustrert på dommaren etter 1-1-oppgjeret mot Varegg.

Førsteomgang mellom tabelleiar Lysekloster og tabelltrear Varegg var så lite sjåarvenleg og så hendingsfattig at det knapt er verd å nemna anna enn at Varegg skåra mål.

Etter pause vart det derimot både temperatur, sjansar og dramatikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gjorde nokre taktiske endringar i pausen. Det gav oss eit løft, seier trenar Ruben Hetlevik.

Uforståeleg anullering

Medan Varegg var hakket betre før pause, var Lysekloster totalt dominerande etter kvilen. Det massive trykket mot bergens-laget måtte til slutt føra til mål, og det gjorde det, trudde alle.

Eit hjørnespark går over bå bakerste og vert lagt tilbake i feltet av innbytar Espen Birkeland, Tommy Gaustad får fyrt av på keeper og Lysekloster-stoppar Durim Muqkurtaj er framme på returen og set ballen i nettaket. 1-1, eller?

Thorvald Trættebergs skåring i det 84. minutt redda eitt poeng for munkane. No står Lysekloster med 24 poeng etter 11 kampar.
Thorvald Trættebergs skåring i det 84. minutt redda eitt poeng for munkane. No står Lysekloster med 24 poeng etter 11 kampar.
Her er situasjone alle prata om etter kampen. Durim Muqkurtaj har sett ballen i mål og Varegg-spelarane roper på offside. Til slutt får dei viljen sin.
Her er situasjone alle prata om etter kampen. Durim Muqkurtaj har sett ballen i mål og Varegg-spelarane roper på offside. Til slutt får dei viljen sin.

Medan Lysekloster-spelarane jublar står Varegg-forsvararane og held handa i vêret i håp om at dommaren skal annulera for offside. Det gjer han ikkje, i alle fall ikkje i første omgang.

– Først ser det ut til at han godkjennar målet. Deretter spring han ut til linjedommaren og konfererar før han viser teikn for offside. Fullstendig uforståeleg for oss. Dei sa at me hadde spelarar bak keeper, men det hadde me ikkje, seier Tommy Gaustad.

Straffe og raudt kort

Trass i at avgjerda går i dei kvit-blåe sin dissfavør står dei opp og køyrar Varegg hardt også dei neste minuttane. Ni minutt etter, i det 84. minutt, får Thorvadl Trætteberg stå åleine på bakerste stolpe etter eit innlegg frå Håkon Moldeklev. Backen fyrar av og denne gongen får Lysekloster jubla i fred etter nettkjenning.

Det står 1-1 og det er ti minutt igjen. Lysekloster pressar ytterlegare på og skapar fleire halvsjansar. Så i det 86. minutt handser ein Varegg-spelar klokkaklart innanfor 16-meteren. Dommaren let spelet gå og Varegg set i gang ein kontring. Håkon Moldeklev kjem på etterskot og fellar Varegg-spelaren. Resultat: Direkte raudt kort.

– Det er veldig strengt. Greit at eg fellar han, men det er ikkje noko stygt. Eg må få seia at denne dommaren var svært lite fair i dag, sukkar Moldeklev.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenar Hetlevik har så mykje frustrasjon at han knapt klarar å seia kva han meiner til lokalpressa.

– No må eg berre få snakka med dommaren og høyra forklaringa hans. Her var det mykje urettmessig. Det var jo både mål og straffe... tordna Hetlevik.

Som nemd ovanfor fekk han ikkje svar.

Og ut i frå bileta til underteikna og kollega i Midtsiden er det lite som tyder på at dommaren hadde handla rett. Lysekloster vart truleg snytt for to poeng i denne kampen.

Ettersom Sotra og Brattvåg vann, er serieleiinga dermed skrumpa inn til to poeng.

 

Lysekloster - Varegg 1-1 (0-1)

Lysekloster Framo Idrettspark

Tilskodarar 100

Dommar: Kristoffer Hagenes frå Hovding TIL.

Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun - Joakim Helland, Durim Muqkurtaj, Denis Ljubovic, Håkon Moldeklev - Hans-Christian Nysæther (Espen Birkeland 73. min), Martin Pedersen, Vladan Radojkic – Ole Thomas Herrem (Tommy Gaustad 60. min), Kristoffer Østervold.

Lyseklosters tre beste: *** Denis Ljubovic, **Martin Pedersen, * Håkon Moldeklev.