Slutt på sushi på Osøyro. Vincent Blanco (t.v.) er sjefskokk i Isushi.
Slutt på sushi på Osøyro. Vincent Blanco (t.v.) er sjefskokk i Isushi.

Isushi stengjer dørene i haust

For låg omsetning er årsaken til at iSushi no vel å avvikla. Oktober blir siste driftsmånaden.

Konkurransen blant restaurantane på Osøyro er blitt hard. I sommar stengde Aroy Dee, og laurdag kom meldinga om at også Isushi vel å leggja ned.

– Salet og resultata har ikkje vore det me håpa på. Me ser at kampen for å koma i mål har vore vanskeleg. Me vel difor å gje oss. Det er trist og svært tungt for oss at marknaden på Os ikkje responderte som me hadde vona, heiter det i ei pressemelding. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Har lært av tida på Os

Restauranten opna i april 2016 og vart lansert som iSushi sitt flaggskip. Medan dei andre avdelingane i bergensregionen satsa på takeaway, satsa dei på restaurantdrift på Osøyro. 

– Læringa i prosjektet på Os har vore høg, og erfaringane me har gjort oss skal brukast til å styrka oss som kjede og aktør i det norske serveringsmarknaden. Trass i avviklinga på Os ser me at me har eit godt konsept som har suksess elles i i marknaden. No skal me konsentrera oss om utvikling og vidare vekst av kjeden på anna hald, skriv gründer Roger Johannessen.

Stengjer 1. november

Restauranten på Os stengjer dørene 1. november, og Johannesen oppfordrar osingane om å nytta iSushi så lenge ein kan.

– Me vi invitera våre faste kundar og tilhengarar på Os til å bruka oss i den siste tida av driftsperioden, heiter det. 

Vi invitere våre faste kunder og tilhengere på Os til å bruke oss i den siste tiden av driftsperioden vår på Os frem til 1. november.