Barndomsheimen til Jenny Røttingen, mor til Ivar Medaas. Ivar ferierte ofte her hos besteforeldra i oppveksten.
Barndomsheimen til Jenny Røttingen, mor til Ivar Medaas. Ivar ferierte ofte her hos besteforeldra i oppveksten.

Ivar Medaas i Os senioruniversitet

Måndag 9. april er den folkekjære visekunstnaren og revyartisten Ivar Medaas tema i Os Senioruniversitet.

Nett denne måndagen ville Ivar Medaas ha fylt 80 år om han hadde levd; han vart fødd i Alversund 9. april 1938.

Mora Jenny var frå Os, faren Nils kom frå Granvin. Jenny var i alle år både ei inspirasjonskjelde og ei støtte for Ivar. Ho song mykje for han som liten, og det var Jenny som gav han den første gitaren. Ho skreiv fleire visetekstar som Ivar tonesette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange hugsar kanskje Ivar Medaas best som visesongar - åleine eller saman med kona Kari i Vestlandsduoen. Men han hausta også suksess som revyartist og moromann. Mot alle odds gjorde han - ein skjeløygd vestlending som snakka dialekt og spelte fele – furore på Chat Noir. Oslo-publikum let seg overraska og begeistra av dette vestlandske mirakel av ein showmann.

Gjennom åra skulle han koma til å opptre saman med kjende artistar som Wenche Myhre, Yngvar Numme, Øystein Sunde og Ove Thue. Ivar Medaas hadde ei makelaus evne til å få kontakt med publikum med si usnobbete framtoning og sine friske, språklege utfall.

Det som vi gjerne har gløymt i dag, er at Ivar Medaas også var ein gåverik komponist. «Dar kjem dampen» er ei av dei vakraste perlene i den norsk viseskatten. I alt har TONO registert 92 komposisjonar av Ivar Medaas.

Suksessen på scena hadde også skuggesider. I periodar tok alkoholen overhand, og det hende han måtte seia frå seg oppdrag. Etter mykje kamp og mange forsøk vart han turrlagd og karrieren lyfta seg på nytt. I 1995 tok artistlivet ein brå slutt. Etter eit hjerneslag vart han lenka til rullestolen. Men den kjappe replikken sat laust til det siste. Ivar Medaas døydde i 2005. Mora hans Jenny gjekk bort to år etter.

Jan Spurkeland skal fortelja om livet til Ivar Medaas og hausta frå hans rike repertoar i senioruniversitetet. Jan Spurkeland er heimehøyrande i Lindås og er ein kjend visesongar og forfattar av morosame bøker. Dessutan skriv han bøker og held kurs om leiarskap. På femtitalet spelte Jan Spurkeland til dans saman med Ivar Medaas i gruppa Trio Intim. I 2000 gav Jan Spurkeland ut boka Ivar Medaas – gjøglar og felespelar. Sjå annonse i fredagsavisa.

Kjell Harald Lunde (tekst og foto)