Eit kort besøk av elektrikar Jan Kristian Rokne var det som skulle til før «Hobbystuen kreative sjeler» igjen fekk full straum-tilgang i lokala sine i gamle Oshjørnet-huset.
Eit kort besøk av elektrikar Jan Kristian Rokne var det som skulle til før «Hobbystuen kreative sjeler» igjen fekk full straum-tilgang i lokala sine i gamle Oshjørnet-huset.

Jan Kristian ordna lys og varme

Jan Kristian Rokne synest det var for dumt at «Hobbystuen» måtte stengja dørene grunna manglande straum i bygget. Tysdag fiksa han problemet.

Os og Fusaposten skreiv om straumproblema til hobbyklubben sist fredag. Blant dei som las saka var elektrikar Jan Kristian Rokne. Etter ein telefon til underteikna og litt samkøyring med Ottar Randa i Os Bygg og Eiendom var det klart for fiksetid i lokala tysdag føremiddag. Knappe kvarteret etter at Rokne var på plass, var straumen tilbake med full styrke.

For kaldt i lokalet

Irene Stolt-Larsen og resten av gjengen i «Hobbystuen Kreative sjeler» har halde hus i Os Bygg og Eiendom sitt bygg i Os sentrum i over tre år. I dei gamle lokala til Opus Musikkbar har dei hatt faste treff to gonger i veka. Inntil desember i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk problem med straumen mot slutten av november. Ettersom det vart kaldare ute, og omnane ikkje kunne gå for fullt, måtte me stengja i desember. Det var rett og slett ikkje forsvarleg å sitja her, seier Irene Stolt-Larsen.

Ho slit sjøl med leddsjukdomen fibromyalgi og fekk rett og slett vondt av å vera i lokala.

– Det var surt å stengja av, men me hadde ikkje noko anna val, seier Stolt-Larsen.

Ottar Randa fann til slutt rett nøkkel til sikrings-rommet. Direktøren i Os Bygg og Eiendom, som ei bygget som Hobbystuen ligg i, lovar Irene og venene å kunna nytta lokalet i alle høvet fram til sommaren.
Ottar Randa fann til slutt rett nøkkel til sikrings-rommet. Direktøren i Os Bygg og Eiendom, som ei bygget som Hobbystuen ligg i, lovar Irene og venene å kunna nytta lokalet i alle høvet fram til sommaren.
Tre nøgde aktørar etter aksjon «Få straumen tilbake i Hobbystuen» tysdag føremiddag.
Tre nøgde aktørar etter aksjon «Få straumen tilbake i Hobbystuen» tysdag føremiddag.

Ho legg til at dei heller ikkje kunne nytta kaffitraktaren samstundes som omnen, og at problemet berre såg ut til å bli verre og verre.

Nøkkel-leiken med Ottar

Men tysdag skulle altså bli redningens dag for «Hobbystuen» og medlemene. For med Jan Kristian Rokne vart det fart på sakene.

– Me har hatt nokon som har sett på sikringsskapet, men dei har ikkje funne feilen, forklarer Irene til Jan Kristian.

– Oki, eg håpar eg kan hjelpa. Eg er med på mange frivillige ting sjølv, så eg veit kor viktig det er å støtta oppunder slike tiltak, repliserer elektrikaren.

– Har du tid til å gjera dette midt i arbeidstida, då?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg må jo berre ta meg tid til dette. Så får det heller våga seg at Børge Lunde ikkje får ordna varmekablane sine før i morgon, ler Jan Kristian.

Men det å koma seg til sikringsskapet skal visa seg å vera enklare sagt enn gjort. Skapet er bakom ei dør på den gamle herretoalettet, og døra er låst.

– Slapp av, eg har eit uttall nøklar med meg her, så får me håpa på det beste, ler Ottar Randa i det han kjem inn dørene.

Etter å ha prøvd i overkant av 20 av nøklane han har med seg, høyrer me endeleg det herlege klikket me har venta på.

Gamal kortslutning

– Oisan. Dette ser lovande ut. Om det er så lett som det ser ut til, får me ein grei jobb, humrar Jan Kristian med hovudet inne blant sikringane.

– Det kan sjå ut til at fleire av sikringane her er slått ut etter ei gamal kortslutning.

– Ja, det er jo ikkje umogleg. Problema byrja å melda seg etter gravinga i samband med byggjinga av Havnechefen. Også garnbutikken ved sida av her hadde problem då, seier Irene.

Kort tid etter sjekkar Rokne straumen på kjøkenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bingo, der var det straum i desse kontaktane, så får me berre slå på dei andre også, å sjå om alt held seg som det skal når me koplar til kaffitraktarar, varmeomnar og andre elektriske apparat, seier redningsmannen.

Ein kjapp test etter er det berre å konkludera. Straumen i «Hobbystuen» er tilbake. Det er berre å invitera til nytt treff.

– Å Gud, så glad eg er no. Då blir det treff alt i morgen (onsdag), gliser Irene.

– Dette var veldig kjekt. Eg synest det er eit utruleg fint tiltak du har her, Irene, og så lenge det ikkje skjer noko meir med bygget her, så kan du i alle høve få ha klubben din her fram til sommaren, konstaterer Randa og utbringer ein kaffi-skål for rikeleg med lys og varme i lokalet.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no