Jannicke Sem-Onarheim (34) er i dag juridisk rådgivar hos Sweco. Før dette har ho jobba i 8 år med juridisk rådgiving innan veg, VA, plan/bygg og entreprise/prosjekt i Os kommune
Jannicke Sem-Onarheim (34) er i dag juridisk rådgivar hos Sweco. Før dette har ho jobba i 8 år med juridisk rådgiving innan veg, VA, plan/bygg og entreprise/prosjekt i Os kommune

Jannicke Sem-Onarheim tilsett som plansjef i Bjørnafjorden kommune

Har takka ja til stillinga som ny plansjef.

– Det er ei stor glede å melde at Jannicke Ane Søraas Sem-Onarheim er tilsett som plansjef i Bjørnafjorden kommune, seier rådmann Christian Fredrik Fotland til kommunen sine nettsider.

Sem-Onarheim (34) er i dag juridisk rådgivar hos Sweco. Før dette har ho jobba i 8 år med juridisk rådgiving innan veg, VA, plan/bygg og entreprise/prosjekt i Os kommune, skriv kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sem-Onarheim har ein master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen. I tillegg har ho spesialisering innan immaterialrett og skatterett frå Saarland University i Tyskland og maritim lov frå University of Southampton i England.

Oppstartstidspunkt er ikkje klart enno. Asle Andaas er konstituert som plansjef fram til Sem-Onarheim begynner.

jostein@osogfusa.no