(
(

Jente (8) på sparkesykkel blei påkøyrd

I 16-tida måndag blei ei jente på åtte år påkøyrd då ho kryssa eit overgangsfelt i Strøno på sparkesykkel.

– Jenta blei køyrd til legevakt og vidare til Haukeland universitetssjukehus. Politiet var på staden og i kontakt med dei involverte. Mannen som køyrde bilen er i 60-åra. Vi oppretta sak, men tok ikkje førarkortet hans, fortel politioverbetjent, Rune Fimreite.

Kom seg ikkje til land

Måndag kveld måtte redningsskøyta assistera tre personar i ein båt som ikkje kom seg til land.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei fekk motorstopp ved Raudholmane og kom seg ikkje til land. Redningsskøyta blei sendt ut og dei fekk hjelp, seier Fimreite.