Joker-Os er lagt ut for sal.
Joker-Os er lagt ut for sal.

Joker Os er til sals

Tom-Rune Solheim driv både Joker Os og Joker Søfteland. No ønskjer han å konsentrera seg om éin butikk, og har lagt Joker Os ut for sal.

– Eg driv også innan eigedom. Framover ønskjer eg å konsentrera meg meir om det enn eg har hatt høve til med to butikkar. Då ser eg meg nøydd for å leggja ein av dei ut for sal, og eg har valt å satsa vidare på Joker Søfteland, fortel kjøpmann Solheim.

– Dei tilsette er ein del av pakken

Lokalet er leigd, så det ein kjøper, er leigekontrakten, utstyret og varelageret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein kjøper ein Joker-butikk. Det er ikkje høve til å driva noko anna, seier Solheim.

– Vil dette få noko å seia for dei tilsette?

– Nei. Dei er ein del av pakken, seier Solheim.

Joker-butikken blei etablert i 2008. Det har vore daglegvareforretning i lokala gjennom mange år før butikken blei ein del av Joker-kjeden. Butikken har dei siste åra opplevd ein god vekst i omsetnad, som er venta å halda fram, skriv eigarane på Finn.