Jubel med bitte litt bismak

Håvard Holmefjord Lorentzen gjekk ein strålande 1.000 m, men tapte gullet med fire hundredelar.

Håvard gjekk i mål på tida 1,07,99 og tok med det leiinga i konkurransen. Etterpå stod det att to par.

Dessverre for halvtfusingen klarte nederlandske Kield Nuis å snika seg knappe fire hundredel framfor Håvard. Dermed enda vår mann med sølv på distansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor Os- og Fusa-innsats

Tidlegare denne veka fortalde Bergens Tidende at Fana IL ville vore 13. plass i medaljekampen for nasjonar, om dei var eit land.

Etter Håvards fantastiske innsats på 1.000 m no fredag, kan me slå fast at osingar, halvtosingar og halvtfusingar også ville hamna høgt på statistikken. Til saman har Sverre Lunde Pedersen, Håvard Holmefjord Lorentzen og Sindre Henriksen vunne tre gull, eitt sølv og ein bronse.

Dikt til helten

Lokalavisa har fått dette fine diktet tilsendt frå Berit Lygre om OL-meister Håvard:

Når mor til diktaren i Ulvik

greip fastare om staven

då Kupper’n skreid i Squaw Valley,

trur eg bestemor Holmefjord

heime i Fusa

Artikkelen held fram under annonsen.

trakkar hardare på gassen

når barnebarnet flyg i PyeongChang

kenneth.svenningsen@osogfusa.no