To år gamle Kaja Laastad Størksen tek gjerne nokre skikkelege moves når det er bra musikk på TV.
To år gamle Kaja Laastad Størksen tek gjerne nokre skikkelege moves når det er bra musikk på TV.

Kaja (2) er Eiriks søtaste fan

Kaja Laastad Størksen sjarmerer Eirik Søfteland i senk med sin fan-dans under "Århundrets stemme".

"Fantastisk!😁 Takk!", skriv Eirik Søfteland under Facebook-posten av to år gamle Kaja som dansar av hjartans lyst medan Eirik syng på skjermen.

To-åringen frå Os elskar å dansa, og slår seg ofte laus når det er musikk på TV. Ekstra gøy er det når ein osing er i ruta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under gårsdagens episode av "Århundrets stemme" leverte Eirik Søfteland ein forrykande versjon av Gavin de Graws "I don´t wanna be". Noko Kaja visste å setja pris på.

Og pappa Kristian Størksen var berre nøydd til å filma det vesle sjarmtrollet.

– Kaja vart fan allereie før hun vart fødd. Då dansa ho til Os-songen inni magen. Det er veldig gøy nå når ho tek nokre skikkelege moves framfor TV-en, smiler mamma Solrun Laastad.