Når eg seier «Eg betaler min skatt med glede for alt eg får igjen», så vekkjer det nok forarging og fnysningar fra nokon. Men eg meiner det, eg betaler min skatt med glede, skriv Trine Lindborg.
Når eg seier «Eg betaler min skatt med glede for alt eg får igjen», så vekkjer det nok forarging og fnysningar fra nokon. Men eg meiner det, eg betaler min skatt med glede, skriv Trine Lindborg.

Kan ein bli fødd som sosialdemokrat?

Eg vil at dei som tener mindre enn meg skal betala mindre enn meg, og eg meiner at dei som tener meir enn meg kan klara å betala litt meir. Ferdigsnakka!, skriv Trine Lindborg (Ap).

Mor mi sa alltid at eit av dei første «vanskelege» orda eg klarte å uttala var «urettferdig»!

Eg var som dei fleste born opptatt av at ting skulle vere rettferdig. Om det gjaldt å dela snopet likt mellom fire søstre, eller Kvikklunsjen på skitur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det eg sjølv likevel hugsar best, var den urettferdigheten eg kjende på når eg var vitne til svoltne born og krig - på svart/kvitt-fjernsynet. Eg er heilt sikker på at dette har vore med på å forma haldningane mine. Likeeins var det viktig med rettferdighet og likestilling gjennom skuleåra. Trur nokre klassekameratar og lærarar kan skriva under på det.

Eg trur at born og unge fortsatt er svært opptatt av urettferdigheit og likskap. Ungar brukar ofte ordet urettferdig! Det er svært viktig for meg at alle born og unge skal ha dei same muligheitene i samfunnet vårt. Dei skal bli sett, og dei skal få hjelp og veiledning til å klara skule og ungdomstid. Desse fine ungdommane er framtida vår!

Min generasjon blei oppfordra til å ta høgare utdanning. Det var ein «vilja» politikk som alle var samde om. Foreldra våre ville at vi skulle få alle muligheiter, og landet vårt trong kunnskap. Dette har vi vidareført til våre born, og landet vårt har heldigvis ein høg andel folk med høgare utdanning.

Men, er det ikkje noko vi har missa litt på i vår iver etter master? Eg meiner heilt klart det. Vi har mista fokus på Mester- og Fagutdanning. Vi har kvar og ein ansvar for å heia fram ungdommane våre som ønskjer ei fagutdanning. Det er vi foreldre, besteforeldre, naboar og vener som må støtta og oppmuntra ungdommane som ønskjer å gå yrkesfag og ta fagbrev. Vi må gje dei anerkjenning og stolthet for faga - og valga dei tar!

Vi må stå klare med læreplassar og jobbtrening, og det må finnast fleire vegar til fagbrev. Nokon trivst heilt klart best med meir praktisk opplæring. Norge treng arbeidsfolk!

Dette med skatt kan virka både komplisert og kjedeleg. Den eine debatten føre og hin etter - med skuldingar og «oppklaringar». Desse er nok ofte berre for spesielt interesserte.

Når eg seier: «Eg betaler min skatt med glede for alt eg får igjen», så vekkjer det nok forarging og fnysningar fra nokon. Men eg meiner det, eg betaler min skatt med glede! Eg vil bidra til ein rettferdig fordelingspolitikk som opprettheld velferdsstaten Norge.

Eg vil at dei som tener mindre enn meg skal betala mindre enn meg, og eg meiner at dei som tener meir enn meg kan klara å betala litt meir. Ferdig snakka!

Artikkelen held fram under annonsen.

Når Arbeiderpartiet sitt framlegg til skatteendring betyr at dei som tener under kr 600 000,- skal betala litt mindre, og at dei som tener meir skal bidra med nokre hundrelappar ekstra,- ja så synes eg det er heilt greit. Eg vil bidra, eg vil dela!

Og så har vi formuesskatten, den store snakkisen eller styggedommen i valkampen. Kor mange av oss forstår dette, og kor mange av oss vil nokon gong bli råka av den? Fribeløpet for formue er kr 1.480.000,- altså nesten ein og ein halv million. For ektepar er den det dobbelte, altså nesten tre millionar kroner.

Eg unnar folk som har vært både dyktige og heldige å tena penger, men eg meiner også at alle skal bidra etter evne.

Os kommune tok inn ca 23 millionar kroner i formueskatt i 2015. Kva for tenestetilbod skal det kuttast i for å dekka inn denne summen? Er det born og unge, eldre, vedlikehald på kommunale bygg og vegar? Eg lurer litt på det.

Som rimeleg fersk politikar, er det ikkje alltid lett å veta korleis ein skal nå ut med bodskapen og engasjementet sitt. I denne valkampen vil eg likevel påstå at det må vera seld enormt mange liter med svartmaling!

H/Frp meiner til dømes at Arbeiderpartiet svartmalar alt som omhandlar arbeidsløyse, fattigdom, skule, helse og klima! Eg er uienig i at dette er svartmaling.

Kosten blir endå ein gong dyppa i spannet, og det blir mala vidare med svart på den situasjonen Norge vil koma i etter at Arbeiderpartiet vinn valet 11. september. Ja, ja, trur ihvertfall Jotun gjer det bra om dagen!

Så, kjære lesar og veljar, kjenn etter i magen. Kva for samfunn ønskjer du for deg og dine, for naboungane og for Norge? Ønskjer du å dela? Ønskjer du fellesskap med rettferdig fordeling av plikter og gode?

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønskjer du at Alle skal med? Dei orda forpliktar nemleg også at alle må bidra.

Så til spørsmålet mitt, vart eg fødd som sosialdemokrat? Ja, eg vart nok det!

Kjenner du det på same måte,- så stem Arbeiderpartiet saman med meg 11. september!

Trine Lindborg

Kommunestyrerepresentant

Os Arbeidarparti

Stortingskandidat 2017