Mannen som ville inn og sjekka røykvarslaren hjå ekteparet i Os var i 20-åra og hadde på seg mørke klede, medan han bar eit emblem kring halsen.
Mannen som ville inn og sjekka røykvarslaren hjå ekteparet i Os var i 20-åra og hadde på seg mørke klede, medan han bar eit emblem kring halsen.

Kan ha vore alarm-seljarar

Mykje tyder på at dei «falske brannmenna» som har vore på dørene i bergensområdet og Os, er alarmseljarar.

Tidlegare denne veka skreiv Os og Fusaposten om eit ektepar i Os som meldte frå til politiet om ein uniformert mann som var på døra og ønskte å koma inn for å sjekka brannvarslaren.

Også i Bergen har det vore meldt frå om liknande episodar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ettertid har det vore antyda at det kan vera snakk om «falske brannmenn», altså tjuvar som har vore ute på rekognoserings-tur. Det treng ikkje vera tilfellet.

Beklagar

I fredagens utgåve av Bergensavisen vert det nemleg meldt om at eit alarmselskap har hatt folk ute på dørsal i område der det har vore klaga på desse «falske brannmenna». Selskapet beklagar sine tilsettes framgangsmåte, og seier vidare at dei vil gå gjennom rutinane sine for korleis seljarane deira oppfører seg når dei går rundt på dørsal.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no