Ein ung mann tilstod i retten å ha tent på eit stereoanlegg i Torggata.
Ein ung mann tilstod i retten å ha tent på eit stereoanlegg i Torggata.

Kan ikkje hugsa å ha tent på, men innrømte likevel i retten

Ein osing i starten av 20-åra har fått dommen etter at han var tiltalt for grove lovbrot – som mellom anna eldspåsetjing.

Mannen, som er i starten av 20-åra, risikerte inntil seks års fengsel for grovt skadeverk. Om kvelden 23. mars 2015 skal tiltalte ha stabla delar av eit stereoanlegg opp mot ein vegg i Torggata 2 i Os, dynka dette med tennvæske og tent på. Det oppstod brann og røykutvikling. Bygninga blei påført skader for 782.655 kroner. Same dag skal han ha stole 23 flaskar med øl frå Joker Os. Politiet skal også under ransakingar ha funne store mengder narkotika i mannens bustad.

Hugsar ikkje

I retten skal mannen ha tilstått alle lovbrota. Han forklarte at han var rusa dagen han skal ha dynka eit stereoanlegg med tennvæske og tent på. I retten blei det vist overvakingsbilete, og mannen har innrømma at det er han som er på bileta. Det er også gjort laboratorieundersøkingar av klede som tiltalte gjekk med den dagen, og det er påvist white-spirit eller tilsvarande. Sjølv om tiltalte ikkje sjølv kan hugsa å ha tent på, har han tilstått. Når det gjeld dei store mengdene narkotika politiet fann hos mannen, forklarte han at det tilhøyrer han. Det meste skulle seljast for å finansiera hans eige forbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Får ein ny sjanse

I retten har tiltalte forklart at han er motivert til å bli rusfri etter ein svært tung periode. Han er innlagt på klinikk og skal føla seg betre no enn då han blei innlagt. Retten vurderer tiltalte som reelt motivert og med ein mogelegheit til å no koma seg ut av russituasjonen, og over i ein varig betre livssituasjon. Etter rettens syn vil det vera øydeleggjande om han på det noverande tidspunktet må inn og sona ei lengre fengselsstraff. Retten meiner at tiltalte vil kunna profittera frå oppfølging via narkotikaprogram med domstolskontroll. Retten ser også at det er ein stor risiko for tilbakefall, men finn samla sett at tiltalte må gjevast ein sjanse til å kunna visa at han kan halda fram den positive utviklinga han er inne i. Mannen blei dømt til vilkårsbunde fengsel i 10 månader med ei prøvetid på tre år, med særskilt vilkår at han gjennomfører narkotikaprogram med domstolskontroll nærare fastsett av Kriminalomsorgen.

I retten blei han også dømt til å betala erstatning til Gjensidige Forsikring på kroner 782.655 og til kroner 15.000 til Torggata AS.