Dette er litt av bosset som ligg i Søvikåsen. Brannsjef Stein Gjøsund håpar at nokon veit kven som eig bosset ved å sjå på biletet.
Dette er litt av bosset som ligg i Søvikåsen. Brannsjef Stein Gjøsund håpar at nokon veit kven som eig bosset ved å sjå på biletet.

Kjenner du att dette?

– Ofte er det snakk om privatpersonar som har betalt nokon for å køyra bort boss, men så blir det ikkje køyrd til Kolskogen, seier brannsjef Stein Gjøsund, som trur at kanskje nokon kan kjenna att bosset som er dumpa i Søvikåsen.

Os & Fusaposten fekk i dag tips om at nokon har valt Søvikåsen som søppelfylling i staden for å køyra det til BIR i Kolskogen. Tipsar var på tur i området, då vedkomande kom over ein god del boss på toppen av Søvikåsen.

– Det ligg på toppen av Søvikåsen, på venstreside når ein kjem opp frå Os-sida, ved den vesle møtelomma der, skriv ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen namn eller adresse

Brannsjef Stein Gjøsund fortel at dei ikkje har fått melding om bosset i Søvikåsen, men han reiste opp for å sjå etter å ha snakka med Os & Fusaposten.

– Det låg ein del skrot der, seier han og listar opp sofa, gassgrill med tilhøyrande emballasje, takboks, hagestol og plast som noko av det han kunne sjå.

– Det er snakk om litt spesielle ting. Kanskje folk vil kjenna att det dei ser på biletet, og vi kan få identifisert eigaren. Men i mange tilfelle er det som sagt slik at eigaren har betalt nokon for å køyra bort boss, og så lempar dei det berre frå seg i staden for å køyra det til Kolskogen.

Nokon har lempa boss i Søvikåsen .
Nokon har lempa boss i Søvikåsen .

– Fann du noko som ein kan spora eigarane med?

– Nei, eg kunne ikkje finna noko med namn og adresse. Biletet er såpass godt at eg håpar at det kan bli identifisert av nokon.

I grenseland

Ole Bulls veg som går over Søvikåsen, er kommunal. Vegeigar har ansvar for å rydda opp til tre meter frå vegskuldra.

– Grunneigar må ta seg av det elles. Slik er det diverre, men det er faktisk ein del av det å vera grunneigar, seier Gjøsund, som etter inspeksjonen fann ut at det i dette tilfellet ligg i grenseland.

– Vi vil ta tak i dette. Eg kjem til å ta det opp med teknisk sjef for det låg så nære vegen, seier Gjøsund.