På biletet ser vi Gustav Olai Bahus (f.1881) og kona Oline saman med sonen Ingolf Bahus og kona Fiffi (Mally Sofie Saure). Kjenner du att dei andre?
På biletet ser vi Gustav Olai Bahus (f.1881) og kona Oline saman med sonen Ingolf Bahus og kona Fiffi (Mally Sofie Saure). Kjenner du att dei andre?

Kjenner du nokon på dette biletet?

Kari Skårdal vil svært gjerne ha di hjelp.

- Eg søkjer etter namn på to av personane på dette biletet, skriv ho i ein epost til avisa.

På biletet ser vi Gustav Olai Bahus (f.1881) og kona Oline saman med sonen Ingolf Bahus og kona Fiffi (Mally Sofie Saure).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg lurer på om nokon kan kjenna att dama som står mellom Gustav og Oline. Guten på biletet er også ukjend. Det er truleg sonen til dama, skriv Skårdal.

Ingolf er fødd i 1907, så biletet er kanskje mest sannsynleg teke før krigen, kanskje tidleg eller midt på trettitallet. Men kan også vera frå eit stykke ut på førtitalet.

jostein@osogfusa.no