– Det var uvant å sjå seg sjølv på skjermen, seier André Marton Pedersen om innsatsen sin i den nye Karsten og Petra-filmen.
– Det var uvant å sjå seg sjølv på skjermen, seier André Marton Pedersen om innsatsen sin i den nye Karsten og Petra-filmen.

Kjent andlet på lerretet

I ettermiddag vert den nye Karsten og Petra-filmen vist i Oseana. Blant dei første andleta publikum får sjå på lerretet, er osingen André Marton Pedersen.

Sjølv fekk han med seg filmen då han hadde premiere førre helg.

– Det var litt uvant. Det er første gong eg har vore med i ein kinofilm, seier Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med eventyrar Cecilie Skog dukkar han opp heilt i starten av filmen. Faktisk i den aller første scena av "Karsten og Petra – ut på tur".

– Eg var veldig spent på resultatet. Det hørtes ikkje så verst ut, seier osingen om songen han framfører i filmen.

Så bra var synginga, at sonen hans Bo (8), meinte at det måtte vera nokon andre som song.

André Marton Pedersen spelar seg sjølv i "Karsten og Petra – ut på tur". Her saman med regissør Arne Lindtner Næss, regiassistent Aurora Gossé og eventyrar Cecilie Skog.
André Marton Pedersen spelar seg sjølv i "Karsten og Petra – ut på tur". Her saman med regissør Arne Lindtner Næss, regiassistent Aurora Gossé og eventyrar Cecilie Skog.

– Det der er ikkje deg, sa han, ifølgje far Pedersen.

Fokus på fjellvettreglar

André Marton Pedersen jobbar til vanleg i Bergen og Hordaland turlag. I filmen spelar han seg sjølv. Men det var først etter at han fekk rolla at han fekk vita at turlaget skulle vera involvert.

– Det var ei veninne som tipsa meg om å senda inn eit opptak av meg sjølv, fortel han.

Pedersen var invitert til premierevisningane i Oslo og på Beitostølen i førre veke, men hadde ikkje høve til å dra. Men på Barnas Turlag sitt arrangement i Bergen førre søndag, deltok han i lag med heile familien.

– Det har vore 60 ulike Barnas turlag-arrangement rundt om kring i landet i tilknyting til premieren. På arrangementa har ein mellom anna hatt fokus på fjellvettreglane, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innsatsen på lerretet var også godkjent, ifølgje Pedersen.

– Borna mine syntest det var gøy å sjå pappaen sin på skjermen. Og så syntest dei filmen var bra. Dei er glade i å vera ute, så historia trefte godt, seier han.