annonse

Kjære førstegongsveljar!

Di stemme tel
Di stemme tel: Ved å gå til valurna og leggja att di stemme, er du som veljar med på å bestemma samansetjinga i kommunestyret dei neste fire åra. Di stemme tel! (Foto: )

9. September er det kommune- og fylkestingsval, og Bjørnafjorden Høgre ynskjer å oppfordra deg som førstegongsveljarar til å nytta stemmeretten din for fyrste gong.

Ved å gå til valurna og leggja att di stemme, er du som veljar med på å bestemma samansetjinga i kommunestyret dei neste fire åra. Di stemme tel! Ved å nytta stemmeretten sin, vernar ein om det gode demokratiet Noreg er bygd på.

Høgre representerer ein verdikonservativ politikk, der ansvar, fridom og mangfald står sentralt. Alle er unike individ, vi har alle individuelle behov og ynske for korleis vi vil ha det. Difor meiner Høgre at kvart enkeltmenneske sjølv skal bestemma over eige liv.

Os og Fusa kommunar er gode kommunar å bu i, og det skal det vera også i framtida når vi no vert samla i Bjørnafjorden kommune. Vi vil at Bjørnafjorden skal vera ein attraktiv kommune å etablera seg i, og det skal vera mogleg for deg å koma deg inn på bustadmarknaden. Difor er Høgre svært positiv til at rimelege ungdomsbustader vert etablerte i kommunen, og vi vil leggja til rette for at det òg vert vekst i bygdene våre.

Det er viktig at vi støttar opp om lokale idrettslag og andre organisasjonar for å ha eit attraktivt idrett- og kulturtilbod, og Høgre vil løfta fram born og unge i sine prioriteringar. Vi vil også sørgja for at det vert tilrettelagt gode uteopphalds- og leikeareal for uorganisert aktivitet for born og ungdom, både i sentrum og elles. På dette området ynskjer vi at ungdommen skal bidra, og inviterer Bjørnafjorden ungdomsråd med i dette arbeidet.

Kommunen som arbeidsgjevar er ein stor aktør i samfunnet vårt. Vi meiner at Bjørnafjorden kommune skal tilby læreplassar innan fleire fag enn det ein gjer i dag og at talet læreplassar bør auka. Slik kan ungdommen ta utdanninga si lokalt, og i tillegg kan ein utdanna fleire der vi veit at det i framtida trengst arbeidskraft.

Høgre er eit styringsdyktig parti. Vi står for ein ansvarleg politikk og vi skal forvalta dei ressursane og midlane vi til ei kvar tid rår over på forsvarleg vis. På den måten kan vi oppnå ein god start for Bjørnafjorden kommune, og gje han rom til å utvikla seg på ein sunn måte.

Våre visjonar kan du lesa meir om i programmet vårt som er distribuert til alle husstandar, og stikk gjerne innom oss for ein hyggeleg prat når vi har stand.

Gje oss di røyst - så skal eg og Høgre gjera vårt for at vi skal ha det godt òg i Bjørnafjorden!

Marie E. L. Bruarøy

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Høgre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut