annonse

Klar, Ferdig, Kunst i Oseana - 370 elevar stiller ut

Ulike utstillarar
Ulike utstillarar: Utstillarane er elevar frå ulike kulturskular Hordaland innan dokumentarfilm, animasjonsfilm, keramikk eller billedkunst. (Foto: )

Fylkesbiennalen «Ung Ytring» opnar utstillinga «Klar, Ferdig, Kunst!» i Oseana lørdag. I år blir det stilt ut arbeid frå heile 370 elevar fra 10 kulturskular i Hordaland.

Ettersom Os kulturskule også har starta opp med visuelle fag, er dette første gongen dei er med på utstillinga - som Bjørnafjorden kulturskule.

Den første fylkesutstillinga i Hordaland gjekk av stabelen i Oseana kunst- og kultursenter våren 2017. Dette er landets einaste fylkesbiennale for elevarbeid frå visuelle kunstfag. Utstillarane er elevar frå ulike kulturskular Hordaland innan dokumentarfilm, animasjonsfilm, keramikk eller billedkunst.

I Oseana vil ein kunna sjå både grafiske arbeid, måleri, performance, videoar, installasjonar, skulpturar, fotografi og lydkunst.

- Tittelen Ung Ytring spelar på at alle unge har ei viktig stemme, og at denne skal bli høyrd, heiter det i ei pressemelding.

Desse kulturskulane er representerte på fylkesbiennalen Ung ytring: Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Lindås, Meland, Stord, Ullensvang og Vaksdal.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut