Evy-Irene Søfteland i Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa, saman med nokre av passasjerane og sjåfør Vidar Johansen gjer seg klare for avreise til Mikkelparken.
Evy-Irene Søfteland i Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa, saman med nokre av passasjerane og sjåfør Vidar Johansen gjer seg klare for avreise til Mikkelparken.

Klare for dagstur til Mikkelparken

Med god hjelp frå midlar vunne i ein BKK-konkurranse, reiste Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa til Mikkelparken torsdag med familiar som ikkje har råd til å reisa på ferie.

– Vi var opphavleg 34 personar som skulle reisa, men no rett før vi skal reisa, er talet blitt 17. Det er ulike grunnar til at ein del melde avbod, seier Evy-Irene Søfteland i Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa.

Det hadde blitt lite søvn på turarrangør Søfteland natt til torsdag. Dei som skulle vera med på reisa, skulle sjølvsagt ikkje få utgifter med turen, så Søfteland lagde mat i heile natt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blei med ein time søvn. Eg har laga ein stor salat, og så har vi med skinke og kylling som ein kan ha i salaten. Det er nokre som skal ha maten halal – difor gjer vi det slik, fortel Søfteland torsdag og held fram:

– I tillegg er det horn, bollar og wienerbrød med i bussen.

Bussen reiste frå Esso torsdag morgon, og kjem heim att i kveld.

– Kor lenge vi blir i Mikkelparken kjem litt an på vêret og kva reisefølgjet ønskjer, fortel Søfteland.

Ønskte å fylla bussen

Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa har leigd buss frå Turbuss Bergen, som også sponsar turen ved å slå av nokre tusenlappar på rekninga. Grunnen til at Søfteland fekk høve til å arrangera turen, er at organisasjonen fekk midlar frå BKK i ein konkurranse tidlegare i sommar. To gonger i året deler BKK ut midlar til 15 ulike tiltak. Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa melde seg på til utdelinga i juni, og etter veker med røysting, var dei til slutt blant dei 15 som fekk midlar.

Gjennom noko dei kallar Sosial Energi, ønskjer BKK å støtta tiltak som skaper energi i selskapet sine eigar- og vertskommunar. For å kunna søkja om tiltak, må det vera noko som bring folk saman, anten i deltaking eller som publikum. Søfteland hadde eit håp om å kunna fylla ein heil buss, men det blei til slutt 17 passasjerar om bord.

– Vi som reiser skal uansett få ein kjekk dag, smiler Søfteland før avreise.