Eigedomsutvalet kan få fullmakt til å leggja Fjellheim-tomta ut for sal, truleg til høgstbydande.
Eigedomsutvalet kan få fullmakt til å leggja Fjellheim-tomta ut for sal, truleg til høgstbydande.

Klarsignal for Fjellheim-sal

Fylkesmannen godkjenner at Os kommune kan gjera Fjellheim-tomta om til bustadområde. Kommunen vil truleg selja til høgstbydande.

Etter nesten 10 år i det kommunale systemet, ser salet av Fjellheim ut til å nærma seg realisering. Fylkesmannen godkjenner no områdereguleringa der Os kommune gjer Fjellheim-tomta om til bustadareal. Dette medførerikkje nødvendigvis at ein ny eigar må riva og byggja nytt, men det ligg heller ikkje noko i vegen for at dette kan bli utfallet.

Ikkje grunnlag for å overprøva

Kort sagt seier Fylkesmannen at kommunen no har gjort alt som skal gjerast i ein slik prosess, og godkjenner difor områdereguleringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter ei totalvurdering finn Fylkesmannen at Os kommune har sytt for at saka var forsvarleg opplyst og at kommunen har vurdert det Foreininga har gjort gjeldande. Administrasjonen og det politiske fleirtalet i kommunen har likevel konkludert med at ein ikkje ønskjer å regulere Fjellheimtomta til bevaring, skriv Fylkesmannen.

Dei viser vidare til at det i slike saker ofte er ulike omsyn som må vegast opp mot kvarandre, som i dette tilfellet, der fortetting og vern er motstridande.

– At Os kommune vil at område BB2 – Fjellheimtomta – skal regulerast til bustader, finn ikkje Fylkesmannen grunnlag for å overprøva i denne konkrete saka. Fylkesmannen viser her til det administrasjonen skriv om at den vedtekne reguleringa opnar for transformasjon til bustad og at ein vil kunne oppnå fortetting og sentrumsutvikling utan å ta i bruk ubygd areal. Dette er saklege og relevant moment å leggje vekt på, heiter det.

Seljast til høgstbydande

Administrasjonen har etter avklaringa frå fylkesmannen ei godkjent områderegulering for Os sentrum vest, og har ikkje kasta vekk tida med å få Fjellheim-tomta selt. Kommunen vonar å få minst 10 mill. kr for tomta, og dette beløpet vedteke som ein del av finansieringa av Oseana. Administrasjonen skriv at «Administrasjonen ser det som naturleg at Eigedomsutvalet får fullmakt til å gjennomføre sal av Fjellheim i tråd med dei prinsipp for kjøp/sal av eigedom som vart vedteke i kommunestyresak 28/2016».

I desse retningslinjene heiter det, mellom anna, at «Kommunal eigedom skal som hovudregel seljast til høgstbydande i den opne marknaden etter utlysing.»

Det finst unntak til regelen. Mellom anna kan salet skje som ein avgrensa bodrunde med inviterte aktørar, eller ei direkte forhandling med ein eller fleire interessentar. Felles for alle modellane er at den som gjev det samla sett beste tilbodet, får kjøpa.

Foreininga vil møta rådmannen

Olaug Tvedt Keys i Foreininga Bevar Fjellheim er skuffa over vedtaket.

– No skal me ha eit møte i morgon, der me diskuterer den nye situasjonen, seier Keys.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt juletider skreiv dei til rådmann Christian Fotland og bad om eit møte med han for å avklara vegen vidare. Dei har fram til no venta på ei avklaring frå Fylkesmannen før det kunne vera aktuelt å møta rådmannen.

– Me ønskjer framleis å møta rådmannen. No når avklaringa er på plass, er det naturleg at møtet kan finna stad snart slik at me kan lodda stemninga litt, seier ho.

Dei vil mellom anna vurdera om det ermogleg at Foreininga sjølve kan finna midlar til eit kjøp.

ol@osogfusa.no