Eg vil gjerne redde verda saman med fleire. Jo fleire som tar på seg den grøne superheltkappa, jo mindre må kvar av oss løfte. Eg vil løfte i flokk med deg, og med andre menneske som har tru på ei framtid der vi bryr oss like mykje om andre som vi bryr oss om oss sjølve, skriv Nils-Anders Nøttseter.
Eg vil gjerne redde verda saman med fleire. Jo fleire som tar på seg den grøne superheltkappa, jo mindre må kvar av oss løfte. Eg vil løfte i flokk med deg, og med andre menneske som har tru på ei framtid der vi bryr oss like mykje om andre som vi bryr oss om oss sjølve, skriv Nils-Anders Nøttseter.

Klart du kan redde verda!

Eg er oppteken av å ta vare på framtida. Det er ikkje eit veldig kontroversielt standpunkt å ville ha ei god framtid. Det som er meir kontroversielt er kanskje kva ei slik framtid skal innehalde. Og ikkje minst kva ein er villig til å gjere i dag for å få ei tryggare og trivlegare verd i morgon, skriv Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Eg trur at det gode livet er eit der vi har tid til kvarandre, til å dyrke interesser og fellesskap. Der det materielle kappløpet ikkje sit i førarsetet, og der vi lever innanfor rammene av det jorda toler. Det handlar om å ta vare på livsgrunnlaget vårt. Om å ta vare på moglegheitene for dei som kjem etter oss. Og å ta vare på mogelegheitene til menneske som framleis har ein helsefarleg låg levestandard både her andre stader på jorda.

Ingen kan redde verda åleine. Men dersom vi organiserer oss godt, så kan vi gjere mykje for å få verda på ein riktigare kurs. Og det er her du kjem inn. Arild Hermstad, som er førstekandidat til Stortinget for MDG for Hordland, har i valkampen lansert slagordet “Klart vi kan redde verden!”. Vi er mange som arbeider med dette. Eg vil gjerne redde verda saman med fleire. Jo fleire som tar på seg den grøne superheltkappa, jo mindre må kvar av oss løfte. Eg vil løfte i flokk med deg, og med andre menneske som har tru på ei framtid der vi bryr oss like mykje om andre som vi bryr oss om oss sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bli med oss å løfte Miljøpartiet Dei Grøne over sperregrensa! Du kan utgjere ei verd av forskjell, med å få eit nytt og ansvarleg parti på Stortinget. Eit parti som talar verdas og framtidas sak. Meld deg inn! Stem grønt! Redd valdagen! Ta vare på framtida!

Nils-Anders Nøttseter

Din grøne representant i kommunestyret