Onsdag er det nok ein gong tid for at Os kulturskule sine mange talent skal få visa seg fram på storscenen i Oseana.
Onsdag er det nok ein gong tid for at Os kulturskule sine mange talent skal få visa seg fram på storscenen i Oseana.

Klart for vårkonsert: Minst 150 på scenen

Heile 29 innslag blir å sjå på scenen under Os Kulturskule sin vårkonsert i morgon.

Tradisjonen tru viser kulturskulen også denne våren kva elevane har jobba med det siste halvåret. I morgon står over 150 elevar i alderen fire til godt over 20 år på storscenen i Oseana.

– Me er veldig opptekne av at alle skal på scenen og visa seg fram, så det blir godt med innslag. Faktisk så mange som 29, fortel produksjonsansvarleg Patricia Langeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor variasjon

Denne gongen startar framsyninga med dei minste.

– Me opnar med 30 små frå musikkbarnehagen. Deretter går det slag i slag med solo-innslag, storbandframføringar, fleire dansenummer, korinnslag og mykje anna, fortel Patricia.

– Det som er kjekt, er å få visa breidda i alt me har av talent, poengterer ho.

Også det som skjer bakom scenen meiner ho er viktig.

– Det er der band blir knyta og folk vert kjende på tvers av interessene. I så måte er desse vårkonsertane viktig på fleire måtar, understrekar ho.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no