For å få utsikt til konsertområdet fredag, klatra ein mann og ei kvinne opp i stillaset på kyrkja.
For å få utsikt til konsertområdet fredag, klatra ein mann og ei kvinne opp i stillaset på kyrkja.

Klarte ikkje stå i mot freistinga

Det hadde vore billegare for mannen og kvinna å kjøpa festivalpass til Osfest, enn å klatra opp i stillaset på Os Kyrkje.

I samband med rehabiliteringa av Os kyrkje, som går føre seg i desse dagar, er det sett opp stillas. Politiet sat på førehand opp sperreband, for å forsøka å stoppa folk frå å klatra opp i stillaset. Det var likevel ikkje alle som klarte å motstå freistinga.

– Fredag kveld var det eit par som tok seg opp i stillaset. Ein mann i 40-åra og ei kvinne i 20-åra. Dei klatra opp i fjerde høgda for å få utkikk til konsertområdet. Dei to er meldt og kan venta seg bot, fortel politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen.