Knallsterkt resultat for høgresida

– Smila sat laust då ordførar Marie Bruarøy, Laila Reiertsen og Ståle Skåtun ankom Bar(t) i kveld. Dei får til saman over halvparten av røystene frå førehandsrøystene i Os.

Dei fekk ein hyggjeleg start på valvaka, gjengen i Os Høgre og Os Frp. I kraft av å vera med i valstyret hadde trioen nett fått snik-kikka på førehandsstemminga i bygda. Då dei forstod at Os og Fusapostens utsende også visste resultata frå førehandsrøystene, klarte dei ikkje lenger å skjula gleda.

– Førehandsstemminga signaliserer at osingane er nøgde med oss, og ønskjer at me skal styra vidare, seier Bruarøy (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg er heilt overgjeven. Eg føler verkeleg dette er ei tillitserklæring. Me får berre håpa resten av resultata er like gode, seier Laila Reiertsen (Frp).

Når Frp får 25,7 prosent av røystene og Høgre får 30,5 har dei ein samla styrke på godt over halvparten av røystene. 

I 2013 var det om lag på same måten, berre at Høgre var endå sterkare målt opp mot Frp. 

Eirik AndrÈ Hesthamar var optimistisk med tanke på valet. Meir engsteleg var han for at streaminga av TV2-sendinga skulle gå dunken medan han var teknisk ansvarleg.
Eirik AndrÈ Hesthamar var optimistisk med tanke på valet. Meir engsteleg var han for at streaminga av TV2-sendinga skulle gå dunken medan han var teknisk ansvarleg.

Stor auke i førehandsstemmer

Under sist stortingsval i 2013 nytta 31 prosent av osingane seg av moglegheita til å førehandsstemma. I år har heile 4.298 stemt på førehand. Det utgjer 38 prosent av dei røysteføre innbyggjarane i kommunen.

– Me har ingen garanti for at resten av stemmeavgjevinga i Os blir like bra, men me føler at dette resultatet gjev oss grunn til å forventa ein vidare hyggjeleg kveld, seier ordførar Bruarøy.

– Så dette var eit bra vorspiel, no er det berre å håpa at festen vert like god?

– Ja, me får seia det slik, trioen på Bar(t).

Laaang natt

Men nokon tidleg og klar avgjerd på regjerings-spørsmålet var det ingen av dei frammøtte som hadde trua på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No hadde jo TV2 ei samla måling i går, basert på 8.000 personar. Resultatet viste då at høgresida ville vinna med 85 mot 84 mandatar, føreset at MDG blir med på venstresida. Med andre ord er det usannsynleg jamt. Så jamt at me kanskje ikkje får svar på det heile før godt ut på morgonen, seier Eirik Andrè Hesthamar.

– Det blir ein thriller utan like, men me er optimistiske som berre det, legg Laila Reiertsen inn.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no