Det er montert lyslenke på Knutabruo, og solcellepanel i trea rett ved.
Det er montert lyslenke på Knutabruo, og solcellepanel i trea rett ved.

Knutabruo lyser opp i mørket

Brukameratane held fram med å finpussa på prosjekt Knutabruo. No lyser den populære brua opp mørket.

Peder Fløysand i brukameratane fortel at dei har snakka om å få lys på brua ei stund.

– Vi kontakta fleire elektrikarar i Os, men det var ikkje nokon som kunne dette med solcellepanel. Då vi kontakta Amund i Sperrevik Elektro, tente han på ideen med ein gong. Dette skulle vi få til, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortalde Sperrevik at han hadde to solcellepanel liggjande, som vi kunne få og han skulle hjelpa til med dette. Då byrja ballen å rulla, fortel Fløysand.

To millionar frå eiga lomme

Dei kopla på elektroingeniør Truls Rasmussen – som også tente på ideen.

– Han jobba saman med Sperrevik Elektro. Han rekna og fann ut kva vi trong av delar og slikt, seier Fløysand og legg til:

Det er ikkje vanskeleg å sjå Knutabruo i mørket.
Det er ikkje vanskeleg å sjå Knutabruo i mørket.

– Dette måtte lata seg gjennomføra innanfor ei fornuftig økonomisk ramme. Eg må få seia at det skulle ha vore reist ein statue av Knut Jarle Aspenes. Han har nok brukt om lag to millionar kroner av sin eiga lomme til brua og gapahuk. Det er heilt fantastisk, seier Fløysand.

Monterte solcellepanel i trea

Då dei skulle setja i gang med jobben, kontakta dei Karl Ole Lyngbø i Vestmekaniske.

– Han ønskte også å vera med på dette og sa at det ikkje var noko problem å montera solcellepanelet. Det var berre til å montera det i trea, sa han. Det er berre til å ta seg ein tur inn når det er mørkt. Brua er lett å sjå på lang avstand, seier Fløysand.

Det var måndag at det blei lys på brua. Då var Sperrevik Elektro ferdige på staden.

– Det blei lys i går. Arbeidet er ikkje heilt ferdig. Vi ser at vi må gjera nokre justeringar, fortel Amund Sperrevik og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han som fekk tak i komponentane til oss skal setja på ein timar. Brennetida er for lang slik det er no, og då blir batteriet tappa – og det er mørkt når det skal vera lyst. Vi må tuna litt for å få det optimalt.