Det var store materielle skadar etter samanstøyten.
Det var store materielle skadar etter samanstøyten.

Kollisjon ved Ulvenskiftet

Alle blålysetatane er kalla ut. Det er ikkje meldt om større personskade, men nokre av dei involverte er i sjokk.

Litt før klokka 14 torsdag kom meldinga om ei trafikkulukke ved Ulvenkrysset. Det vart rapportert om ein del materielle skader. Operasjonsleiar Jan Tore Heggholmen opplyser at det ikkje skal vera snakk om personskade. Den eine bilen skal ha kome over i motsett køyrebane. 

– Politi og helsevesen er på staden, og snakkar med dei involverte partane. Det var to personar i den eine bilen og ein person i den andre. Dei skal vera i sjokk, seier Heggholmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var til dels stor kø på staden, og politiet dirigerte trafikken. Brannvesenet hjelpte med å fjerna bilane frå vegbanen. Rundt klokka 14.30 tok trafikken til å løysa seg opp att.