Ein bil begynte å rulla bakover og ein person kom i klem mellom bilen og ein vegg.
Ein bil begynte å rulla bakover og ein person kom i klem mellom bilen og ein vegg.

Kom i klem mellom bil og vegg

Skal ha fått skade i fot.

Ein persom skal ha kome i klem mellom ein bil og ein vegg i Hagavik i kveld. Det melder polititet på Twitter.

- Ein bil har rulla bakover. Ein person har vore fastklemt mellom bil og murvegg. Skal vera bevisst, skader i en fot. Naudetatar er på veg til staden, melder politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personen skal ha fått ei flenge i leggen og er køyrd til Haukeland med ambulanse.