Gisle Hesjedal meinte det var gjort ei rekkje feil i saka om skuletomta.
Gisle Hesjedal meinte det var gjort ei rekkje feil i saka om skuletomta.

– Kommunestyret er ført bak lyset

Gisle Hesjedal (Ap) gav Frp/H det glatte lag for det han såg som hemmeleghald knytt til skuletomta. Han varsla lovlegkontroll av skuletomt-vedtaket.

Då planprogrammet for nye skulen på Hjelle var oppe til behandling tysdag, fekk kommunestyret for første gong høve til å diskutera skuletomt-valet. Det gjekk alt anna enn fredeleg for seg. Mange var kritiske til at eit adhocutval beståande av tre politikarar og administrasjonen hadde bestemt kor skulen skulle liggja – medan kommunestyret ikkje fekk saka på bordet før valet var gjort.

– I dei to åra eg har vore folkevald har eg kritisert Frp/H for mykje, men aldri før har de fortent så mykje kjeft og kritikk som de skal få av meg i dag, byrja Hesjedal, men vart avbroten av ordførar Marie Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ber om at innlegga blir retta via ordførar, sa ho.

– Aldri før har du fortent så mykje kjeft som du skal få av meg i dag, ordførar, svarte Hesjedal.

Frontalangrep på Hesthammar

Ap-politikaren vart sjølv valt inn i adhocutvalet for sentrumsskular i desember 2016 og i første møtet han var med på – i januar i år – prøvde han å få kjennskap til kva utvalet hadde kome fram til så langt. Han fekk ikkje svar.

Eirik André Hesthamar meinte det ikkje var rett å lytta til ein enkelt rapport frå LINK, men at ein måtte sjå breiare på det.
Eirik André Hesthamar meinte det ikkje var rett å lytta til ein enkelt rapport frå LINK, men at ein måtte sjå breiare på det.
Venstres Jon Sivert Rykkel var den einaste i opposisjonen som var samd med i at skulevalet var godt.
Venstres Jon Sivert Rykkel var den einaste i opposisjonen som var samd med i at skulevalet var godt.

– Først i juni 2017, seks månader seinare, hadde eg fått innsyn i alle dokumenta som viste kva utvalet hadde fatta vedtak om. Då viste det seg at alt i november 2016 hadde utvalet fatta vedtak om skuletomt. Det var altså før kommunestyret skifta ut medlemmene i utvalet, sa Hesjedal.

Han viste til teksten som kommunestyret fatta samrøystes i desember 2016: «Det er førebels ikkje avgjort tomteval for skulen», stod det der, og Hesjedal såg det difor slik at det ville bli ein del av hans jobb i utvalet.

– Men så viser det seg altså at vedtaket alt var fatta. Og politikarar som var til stades i utvalet då vedtaket var fatta sa ingenting om det i kommunestyret. Her har den tidlegare utvalsleiaren Eirik André Hesthammar heilt openbert ført kommunestyret bak lyset, tordna Hesjedal.

Korrupsjon?

Hesjedal avslutta sitt innlegg med å peika på at det finst ein grunn til reglane om openheit i forvaltninga.

– I denne saka ser me heilt tydeleg at Frp/H manglar evne og vilje til å følgja heilt elementære spelereglar. Dei sjaltar og valtar med folkestyret som om det var ei pølsebu. Utan at reglane blir følgde fungerer ikkje demokratiet. Då opnar ein opp for korrupsjon. I denne saka er det heilt opplagt behov for ein lovlegkontroll, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eirik André Hesthammar tok replikk på Hesjedal sitt innlegg.

– Eg kunne tenkt meg å vita kva Hesjedal meiner går på korrupsjon her, spurde han.

– Då har nok repr. Hesjedal misforstått. Det eg sa var at me har lovar og reglar om innsyn og openheit nettopp for å forhindra at korrupsjon oppstår. Openheit treng me for å unngå at feil avgjerder blir teke, og at innbyggjarane får høve til å påverka avgjerdene. Det er ein føresetnad for rettstryggleiken til innbyggjarane, svarte Ap-politikaren.

Frp/H fekk uventa støtte

Ei rekkje representantar frå opposisjonen kritiserte ulike sider ved prosessen. Særleg var dei kritiske til all matjorda som må takast for å byggja skulen. Men Venstres Jon Sivert Rykkel talte dei rakt i mot.

– Eg vil heller skryta av tomtevalet. På Hjelle får ein eit godt samspel med nærmiljøet og barnehagen like ved. Det er ein fin og framtidsretta måte å tenkja på, sa Rykkel, før han gjekk over til å svara på noko av kritikken som var kome fram. Han meinte at det store engasjementet hadde meir å gjera med faktisk usemje i valet enn at prosessen hadde vore så kritikkverdig.

– Slik eg ser det er denne prosessen som mange andre me har hatt i kommunen. No veit me alle at kommunen har vore gjennom ein runde med openheit knytt til adhocutvala. Det har me fått skikk på. Men her har eg inntrykk av at ein går på prosessen fordi ein er usamd i tomtevalet. Då idrettsanlegget på Kuventræ vart bestemt, var det også ei avgjerd som var fatta i eit adhocutval, men det var det ingen som protesterte på, sa han.

Han fekk replikkar til dette, blant anna spurde Terje Sperrevik (TvS) kva tid Rykkel hadde fått vita at skuletomt-valet var fatta.

– Nøyaktig kva tid eg fekk vita det er ikkje så viktig. Eg meiner dette handlar om kva rolle kommunestyret skal ha. Det er ikkje naturleg at eit kommunestyre skal velja den eksakte tomta i eit skuleprosjekt. Me peikte på eit område – aust om elva – og så delegerte me til adhocutvalet å finna den beste tomta i området. No får me avgjerda opp i dag, og det er tilstrekkeleg for meg, sa Rykkel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Matjord-debatt

At skuletomt-valet vil føra til eit tap av matjord vart sjølvsagt også tema.

– LINK Arkitektur dokumenterer at nabotomta er betre nettopp på grunn av matjord-tematikken. Men det dei ikkje har sagt noko om, er eigenverdien av matjorda. Eg kan ikkje begripa kvifor me skal gå for å byggja ned matjord, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Gustav Bahus (Frp) svarte at kommunen for all del måtte unngå å hamna i det same uføret som Bergen kommune som ikkje hadde nokon matjord-strategi.

– I dialog med Fylkesmannen er me karakterisert som ein bynær presskommune. Difor er fylkesmannen positiv til omreguleringa på Hjelle. Me vil dessutan ta vare på matjorda, sa Bahus.

Han fekk støtte frå Marie Bruarøy (H) som viste til at dei også har lagt fram ein eigen matjord-strategi som konsekvens av denne saka.

– Me vil laga ein strategi etter modell frå den dei har laga i Nordhordland. Det er nettopp for å sikra at me tek vare på matjorda på best mogleg måte, sa Bruarøy.

Fremja alternativt forslag

Etter ein times diskusjon fremja Terje Sperrevik eit alternativt forslag. Det gjekk ut på at kommunestyret stoppar arbeidet med reguleringsplan til tomta adhocutvalet peikte på, og heller går for alternativ b. Her blei det sikta til Link Ariktektur si tilråding av tomta mellom Lyssand-fabrikken og Hesthaugen, som ikkje er sett av til LNF.

– Dette er i tråd med innvendingane frå Bjørnefjorden landbrukskontor, og stør dessutan opp om nasjonale føringar om jordvern. Det vil sikra oss mattryggleik i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette framlegget vart sett opp mot framlegget frå administrasjonen om å godkjenna planprogrammet – og dermed tomtevalet – på Hjelle. Frp/H og Venstre røysta for sistnemnde, og den øvrige opposisjonen vart dermed røysta ned.

Nils-Anders Nøttseter spurde om det var tilstrekkeleg å levera inn lovlegkontroll i løpet av dei komande tre vekene, og fekk stadfesting frå ordføraren på det.

ol@osogfusa.no