Simen Spieler Nilsen, Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen smadra Nederland i semien. I finalen slo dei også Sør-Korea.
Simen Spieler Nilsen, Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen smadra Nederland i semien. I finalen slo dei også Sør-Korea.

Kong Sverre & co tok OL-gull

Først smadra dei Nederland. Deretter slo Kong Sverre og co Sør-Korea og vann OL-gull på lagtempo.

For eit par dagar sidan vart Sverres kompis, Håvard Holmefjord Lorentzen, første bergensar som har teke gull i vinter-OL. Onsdag stod Sverre for ei ny stor bragd då han var med på å ta Noregs første OL-gull i lagtempo.

I lag med Simen Spieler Nilsen og Sindre Henriksen gjekk osingen så den blå trikoten heldt på å sprekka – tynte ut dei siste kreftene han hadde – og drog laget sitt inn til eit historisk norsk OL-gull.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokomotivet Sverre

Kommentatorane på TVNorge var ikkje i tvil om kven som "tokka" OL-gullet inn til stasjonen.

– Sverre var lokomotivet. All ære til dei to andre, men Sverre drog det inn, sa dei.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Etter løpet kunne Sondre Skarli og dei norske løparane feira gull på lagtempo. Også Sindre Henriksen får gull for sin innsats i kvaliken.
Etter løpet kunne Sondre Skarli og dei norske løparane feira gull på lagtempo. Også Sindre Henriksen får gull for sin innsats i kvaliken.