Frida Ånnevik har ei bestemor frå Os og er femmenningen til rival Eirik Søfteland.
Frida Ånnevik har ei bestemor frå Os og er femmenningen til rival Eirik Søfteland.

Konkurrerer med sin eigen femmenning

Tre andre artistar står att i «Århundrets stemme». Ei av dei er Erik Søftelands femmenning.

Til helga er det kvartfinale i den store songkonkurransen på TV2. For Eirik Søfteland og dei tre andre gjenverande artistane handlar det om å formidla best mogleg frå to epokar – 1940- og 2010-talet. Med litt godvilje kan ein seia at to artistar med «Osablod» er representerte.

– Ja, det er rett det. Frida Ånnevik har ei bestemor frå Os. Men ikkje nok med det. Ho er i familie med meg. Ifølgje pappa og dei er ho femmenningen min, ler Eirik Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilfeldig møte

Eirik hadde null peiling på at han var i slekt med Hamar-jenta Frida, inntil hans far og farmor var og såg på showet sist laurdag.

– Då vart dei tilfeldigvis sitjande ved sidan av foreldra til Frida. Det skulle visa seg å bli eit artig møte. Dei måtte le godt då dei fann ut at Fridas og mi tippoldemor var søskenbarn, fortel Eirik.

– Så no blir det tyngre å takla om ho ryk ut?

– Det er tungt uansett kven som ryk ut no. Me er blitt godt kjende og har det veldig kjekt i lag, seier han.

Kjærleikssong og funk

Søfteland vil endå ikkje seia kva songar han kjem til å syngja på laurdag, men røper bitte litt.

– Frå 1940-talet har eg vald ein kjærleikslåt. Når det gjeld 2010-talet, kjem eg til å levera noko funk. Eg trur eg har gode låtar å koma med, konstaterer Søfteland.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no