Tjuvar har stukke av med to av fiskestengene til Adrian Valle. Heldigvis har fiskeentusiasten ei att.
Tjuvar har stukke av med to av fiskestengene til Adrian Valle. Heldigvis har fiskeentusiasten ei att.

Kostbar overnatting i Os hamn

Båtplassen var utilgjengeleg grunna vêret som har herja, så Adrian Valle måtte leggja båten til kai ved Esso over natta. Då han kom tilbake i dag, oppdaga han at tjuvar hadde vore på ferde.

– Dei har teke to fiskestenger og ei ekstra snelle til ein samla verdi av 10.000 kroner, seier Valle og held fram:

– Så sant det er vêr til det, er eg ute og fiskar. Det er den store hobbyen. Difor har eg investert så mykje i utstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overvaking på Esso-stasjonen

Torsdag var Valle i båten fram til klokka 19.00.

– Dei som har stole utstyret har vore her mellom då og i ettermiddag. Dei kan berre ha vore rett innom, for eg har mykje meir utstyr liggjande framme i båten som dei ikkje har teke, seier han.

Då Os & Fusaposten trefte han, var båten på plass på flytebryggja ved bubilparkeringa.

– Det gjekk ikkje an å koma til her i går, for landgangen hadde blitt øydelagt i vêret som har vore den siste tida. Det har vore nokon her og fiksa det no, seier han og legg til:

– No skal eg ut og fiska. Eg har framleis éi stong att.

På Facebook har Valle skrive at dei som har teke fiskestengene har ein time på seg til å koma tilbake med det, elles blir det politimeldt. Ingen har meldt seg, så no blir det sak ut av hendinga.

– Esso-stasjonen har overvakingskamera. Eg håpar at det har fanga opp noko, seier han.

Om nokon har tips i saka, kan de kontakta Os & Fusaposten, så skal vi formidla vidare kontakt.