(
(

Køyrd til sjukehus etter fall

Politi og ambulanse rykte i går ut til eit arbeidsuhell på eit oppdrettsanlegg i Eikelandsosen.

Ein mann i 50-åra blei onsdag køyrd til sjukehus etter eit fall på om lag to meter frå ein høg stige/gardintrapp. Vedkomande var bevisst og oppegåande då han blei køyrd til Haukeland Universitetssjukehus, skriv politiet på Twitter.

– Mannen blei kategorisert som lettare skadd. Vi har ikkje prata med han i ettertid, opplyser politiet i Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt.