(
(

Køyrde i 86 km/t i 50-sona

Utrykningspolitiet hadde laserkontroll i Hegglandsdalen i går, og det var ikkje reint få som måtte vinkast inn til sida.

– Det blei skrive ut ti forenkla førelegg for høg fart. Høgast av dei var 64 km/t, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen og legg til:

– Det var også ein person mista førarkortet. Vedkomande køyrde i 86 km/t i 50-sonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må skifta dekk

Søndag var det også ein person som fekk gebyr fordi eitt av dekka på bilen var for slitne.

– Det kosta vedkommande 750 kroner, og eit pålegg om å få skifta fleire av dei andre dekka, som også var dårlege, seier Hadler-Olsen.

Måndag morgon blei ein person stoppa i promillekontroll på Søfteland.

– Utrykningspolitiet stoppa ein bilførar på Søfteland i 08.40-tida. Vedkomande er teken med til sentrum politistasjon for ein blåsetest. Det er mistanke om lågpromille, seier Hadler-Olsen.