(
(

Køyrde utan gyldig førarkort

Ein bilist i 30-åra blei stoppa av politiet i går, og han fekk ikkje køyra vidare.

– Mannen blei stoppa i 23-tida onsdag kveld. Det var ein rutinekontroll. Det viste seg at han ikkje hadde gyldig førarkort. Det erkjente han, og han vil bli meldt for forholdet, seier politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen.

Ingen reaksjonar

Utrykkingspolitiet (UP) hadde kontroll på Søfteland onsdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kontrollen blei gjennomført ved skulen på Søfteland. UP stod der frå halv elleve til halv tolv. I løpet av den timen blei var det ikkje noko å reagera på, noko som er bra, seier Hadler-Olsen.