Støypekanten stoppa truleg bilen frå å rulla utfor skrenten, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Støypekanten stoppa truleg bilen frå å rulla utfor skrenten, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Krasja i fjellveggen: – Førar hadde ikkje førarkort og fortel at han kan ha sovna bak rattet

Ein 24 år gamal mann hadde englevakt på veg ned Rødsliane i dag.

– Vi fekk melding rett over klokka 07.00 i dag tidleg om at ein bil hadde køyrd i fjellveggen mellom Lønningdal og Rød. Alle naudetatane rykte ut og var på staden innan kort tid. Sjåføren var lettare skadd og hadde kome seg ut av bilen sjølv. Han fortalde at han kan ha sovna bak rattet. Vi har teke utvida blodprøve av mannen, som ikkje hadde førarkort. Han er meldt for dette, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Redda av støypekant

Brannsjef Stein Gjøsund seier at ulukka fort kunne ha gått mykje verre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han blei nok redda av støypekanten. Det er ikkje stupbratt i det partiet, men det er eit godt stykke ned – minst ti meter, seier Gjøsund og legg til:

– Bilen har køyrd opp i fjellsida og velta rundt på tak og på sida. Det lak motorolje og kjølevæske. Vi la ut noko for å absorbera dette og vi varsla vegtrafikksentralen. Det er midt i sesongen for MC-oppkøyring. Då kan det raskt bli farleg med motorolje i den smale køyrebanen.

Vidare fortel Gjøsund om utfordrande arbeid i Rødsliane.

Alle naudetatane rykte ut til ulukkestaden i Rødsliane i dag tidleg.
Alle naudetatane rykte ut til ulukkestaden i Rødsliane i dag tidleg.

– Det er så smalt på den vegen. Bilen måtte slepast opp til ein møteplass for å få snudd han slik at bergingsbilen fekk han med seg. Det hopa seg kjapt opp med bilar. Vi er opptekne av kjappe og gode løysingar for det går ut over samfunnsøkonomien om det bli bom stopp i trafikken over lengre tid. Vi er glade for det nye naudsambandet for då har vi kontakt med politiet heile vegen. Om vi ikkje hadde denne forma for kommunikasjon, er det ikkje sikkert at vi hadde fått kommunisert til bergingsbilen at han måtte ryggja til ulukkestaden – fordi det ikkje var mogleg å snu der, seier Gjøsund.