Som pasient skal ein sleppa ekstra belastningar. Difor må ein få ei endring av systemet for innføring av nye medisinar, meiner Laila Reiertsen (Frp).
Som pasient skal ein sleppa ekstra belastningar. Difor må ein få ei endring av systemet for innføring av nye medisinar, meiner Laila Reiertsen (Frp).

Kreftmedisin skal vera tilgjengeleg og gratis for alle!

Vi kan rett og slett ikkje akseptera at pasientar døyr mens dei ventar på godkjenning av nye og viktige medisinar.

Kreft er ein alvorleg sjukdom. Og mange pasientar opplever ein kamp med å klara tøffe behandlingar. Som pasient forventar du sjølvsagt den beste behandlinga for å overleva. Men når ein ser at pasientar står fram, og i tillegg til sjukdomskampen, må bruka krefter for å få den riktige, og beste medisinen, føler ein med desse.

Det er også ei etisk utfordring at nokre pasientar betalar sjølv for sin medisin. Ikkje berre for pasienten men og for legen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som pasient skal ein sleppa ekstra belastningar. Difor må ein få ei endring av systemet for innføring av nye medisinar. Noko Siv Jensen (Frp) har gått i bresjen for.

Laila Reiertsen

Os Frp