Sist søndag var det presentasjon av den nye strikkedesignen, «Osroso», som er utvikla på grunnlag av den tradisjonelle osrosemålinga av designer Iselin Havseld og prosjektansvarleg Laila Reiertsen.
Sist søndag var det presentasjon av den nye strikkedesignen, «Osroso», som er utvikla på grunnlag av den tradisjonelle osrosemålinga av designer Iselin Havseld og prosjektansvarleg Laila Reiertsen.

Kulturminnedagane i Os stakk av med gjæv pris

Årets kulturminnedagspris går til Fortidsminneforeningen Os lokallag, Os sogelag og Stiftinga Lyngheim for arrangementet «Rosemåling og andre handverkstradisjonar i Os».

I forkant av årets Kulturminnedager blei fem arrangørar nominert til Kulturminnedagsprisen på kr 30.000. I styrets grunngjeving for å gje prisen til Os heiter det mellom anna at «kulturminnedagane på Lyngheim har på ein god måte vektlagt årets tema «Typisk norsk – ikkje berre norsk» gjennom utstillingar, foredrag, rosemålingskurs for born og nylansering av strikkedesign med utgangspunkt i Osrosa. Historisk sett har det vore eit rikt rosemålingsmiljø i Os fra slutten av 1800-talet. Dagens tradisjonsberarar hentar inspirasjon frå tidlegare tider, og formidlar kunnskapen til nye generasjonar».

- Vi er veldig glade for å få denne prisen, seier Ingebjørg E. Astrup som representant for arrangørane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er spesielt hyggeleg sidan det er første gong vi har vald å samarbeida om et slikt arrangement.

Overrekkinga av Kulturminnedagsprisen 2018 gjekk føre seg laurdag ettermiddag på Lyngheim før Nils Georg Brekkes foredrag om «Rosemålartradisjonen i eit europeisk perspektiv».

Tilstades frå Kulturvernforbundet var Marianne Nielsen (Styremedlem) og Nora Konstanse Hansen (konsulent og koordinator for Kulturminnedagene i Norge).

Programmet starta sist laurdag med utstilling av osrosemåling på Lyngheim med arbeid av dei nolevande tradisjonsberarane Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund og elevar.
Programmet starta sist laurdag med utstilling av osrosemåling på Lyngheim med arbeid av dei nolevande tradisjonsberarane Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund og elevar.

Rikhaldig program i Os

Kulturminnedagane i Os er eit samarbeid mellom Os Sogelag, Fortidsminneforeininga Os lokallag, Stiftinga Lyngheim/Vener av Lyngheim og kultureininga i kommunen.

Programmet starta sist laurdag med utstilling av osrosemåling på Lyngheim med arbeid av dei nolevande tradisjonsberarane Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund og elevar. Som ein del av kystsogevekene sitt program, var det også foredrag om «Handverksbygda Os» ved Nils Georg Brekke.

Søndag var det presentasjon av den nye strikkedesignen, «Osroso», som er utvikla på grunnlag av den tradisjonelle osrosemålinga av designer Iselin Havseld og prosjektansvarleg Laila Reiertsen.

Denne helga er det også fullt program med mellom anna rosemåling for born.

jostein@osogfusa.no