Peter-Hans de Zwarte (i midten) reagerer på prosessen med å finna namn til fleirbrukshallen i Eikelandsosen.
Peter-Hans de Zwarte (i midten) reagerer på prosessen med å finna namn til fleirbrukshallen i Eikelandsosen.

– Kva er dette for ei førande røysting?

Peter-Hans de Zwarte reagerer på at mange av forslaga som kom inn til hallnamn er teken bort slik at publikum berre kan velja mellom eit fåtal av innspela.

– Alternativa i røystinga er utruleg låst, seier de Zwarte.

– Lite kreativitet her i garden

Det er kome inn33 ulike forslag. Tysdag la Fusa kommune ut ei ny røysting, der mange av forslaga er borte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter under eit døgn har over 100 personar vore inne for å røysta og engasjementet er stort. Resultata viser så langt ei god fordeling på dei ulike alternativa. Det som peikar seg ut som ein klar tendens er at folk ikkje ønskjer at hallen skal heita noko med Bjørnafjorden. Elles er det ope kva resultatet blir, seier kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes.

I kommentarfeltet i saka med link til den nye røystinga, skriv de Zwarte at måten kommunen har gjort det på, byr til ein lite kreativ prosess.

– Det er godt at eg kan få seia mitt i kommunestyremøtet, men eg tviler diverre på at eg får noko gjennom då det verkar som det er utruleg lite kreativitet her i garden, skriv han.

Følgde råd frå idrettsrådet

Til Os & Fusaposten seier de Zwarte at han står for det han skriv.

– Det er førande. Ingen tvil om det. Om osingane hadde hatt ei tilsvarande røysting for namnet på Oseana, hadde den nok fått namnet Os kulturhall. Ville det ha vore kult? spør de Zwarte retorisk.

Kulturleiar Vangsnes har registrert av kommentarane på Facebook at fleire synest namnealternativa er trauste og kjedelege.

– Då alle alternativa blei lagt fram for idrettsrådet for uttale, meinte dei at ingen av dei meir kreative forslaga var gode nok til å koma med i finalerunden. Det rådet har vi følgd, seier Vangsnes.

Os & Fusaposten har ikkje lukkast å få tak i leiar i idrettsrådet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her erlink til røystinga.