Kor du bur påverkar kva du røystar. Mange røystar KrF på Søfteland, medan Høgre står sterkt på Nore Neset.
Kor du bur påverkar kva du røystar. Mange røystar KrF på Søfteland, medan Høgre står sterkt på Nore Neset.

Kva krins er raudast og kva er blåast?

Bur du i den krinsen i Os som er mest borgarleg orientert, eller snarare tvert i mot? Få fullstendig oversikt her.

Når berre litt finteljing står att er det inga tvil om at Frp og Høgre har gjort eit svært godt val i Os. Og det på tvers av alle krinsar i bygda. Det finst ingen krins der Høgre er under 30 prosent av røystene, noko som er heile 5 prosent poeng over landssnittet. Også Frp - som går fram lokalt i høve til førre val, er ingen stad svakare enn 19 prosent - også det klart over landssnittet. 

Her står partia sterkast og svakast

Likevel finst det klart krinsar som tydeleg er raudare og krinsar som er blåare. I tabellen under ser ein kor dei ulike partia har sine svakaste og sterkaste krinsar. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan t.d. merka seg at KrF har svært ulik popularitet i nabokrinsane Søfteland og Lysekloster. MDG står sterkare i urbane krinsar som Sentrum og Os Nord enn i mindre folketette krinsar. 

Søfteland

Sjølv om Søfteland som alle andre krinsar har eit klart blåblått fleirtal, er dette blant dei betre resultata for Arbeidarpartiet. Senterpartiet har merkeleg nok sin svakaste tilhengarskare i denne krinsen. KrF har Søfteland som sin hovudbastion.

Lysekloster

Lysekloster er ein krins litt utanom det vanlege, ser ein bort frå den vanlege borgarlege dominansen. Dersom lysefjordingane fekk bestemma ville Venstre vore klart over sperregrensa (6,2 prosent). KrF ville derimot vore nesten ikkje-eksisterande på Stortinget med berre 2,9 prosent. Samtidig har sin beste skår i Lysekloster, men likevel 3 prosentpoeng bak landssnittet for partiet.

Sentrum

Sentrum utmerkar seg ved at Raudt gjer sitt sterkaste val her, kombinert med at Frp har sentrum som sin dårlegaste krins. I kombinasjon med eit sterkt MDG i o sentrumskrinsen kan ein tolka ein raudgrøn tendens i denne krinsen. Men det store biletet er likevel ein klar borgarleg dominans, noko som blir støtta av at Ap har fått under 20 prosent. 

Os Nord

Sosialdemokratiet har sin mest stabile base i Os Nord. Denne krinsen omfattar bl.a. den tradisjonelle arbeidarklassen som busette seg i Varåsen på 70-talet. SV har også sin sterkaste base her med 6 prosent av røystene i krinsen. Krinsen er på delt førsteplass med Sentrum med omsyn til MDG-veljarar, og Frp står svakare. 

Nore Neset 

Nore Neset krins omfattar også Strøno og Øyane, som tidlegare var eigen valkrins. Ein kan dermed vanskelegare lesa korleis bru-saka har påverka øyfolket politisk. Men når partiet Høgre har Nore Neset som sin beste krins, er det i alle fall vanskeleg å peika på sterk misnøye. Også Frp gjer det bra i krinsen, og har sitt nestbeste resultat på Nore Neset.

Søre Neset 

Det kan sjå ut til at innbyggjarane på Søre Neset har lite sansen for det ein kan kalla småpartia. Venstre gjer t.d. sitt dårlegaste val i krinsen. Unntaket er KrF, som faktisk får sitt nestbeste resultat her med 5,4 prosent. Bortsett frå dette skil krinsen seg lite ut frå hovudtrenden i Os: Høgre og Frp er dei soleklare favorittane.