Ordførarane er klare for å ta i mot alle forslag på den nye kommunen.
Ordførarane er klare for å ta i mot alle forslag på den nye kommunen.

Kva skal kommunen heita?

Bjørne- eller Bjørnafjorden kommune? Eller kanskje Midthordland? No får du sjansen til å seia di meining om kva den nye kommunen skal heita.

Arbeidsnamnet er som kjent Bjørnefjorden kommune. Båe ordførarane seier at dette namnet er godt, og plasserer kommunen umiddelbart geografisk.

– Då eg helste på dronninga på hagefesten i fjor, nemnde eg namnet for henne. Då skjønte ho straks kvar dette var, og fortalde at ho hadde vore på båttur i fjorden vår fleire gonger, seier Atle Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sei di meining digitalt eller på papir

Men trass i eit godt arbeidsnamn skal dette no inngå som eitt av vonleg mange alternativ i ein heilt open prosess der alle kan koma med forslag. Det er ingen konkurranse og heller ikkje direkte-demokrati, men ein involveringsprosess der alle innbyggjarane som vil skal få lov å seia si meining om namnet på kommunen.

– Det blir høve både til å senda inn namneforslag digitalt OG på papir. Papirskjema blir lagt ut i kommunetorget på Rådhuset, seier Marie Bruarøy.

– Og i Eikelandsosen, skyt Atle Kvåle inn. – Det er viktig å involvera innbyggjarane i noko slikt som dette, seier han.

Her kan du lesa meir og senda inn ditt forslag - link til Os kommune sine heimesider!

Link til Fusa kommune sine heimesider.

Må vera relevante forslag

– Me vonar sjølvsagt at mange vil koma med si meining, men samtidig bør forslaga vera seriøse, understrekar Bruarøy.

Ein vittigper føreslå nyleg at den nye regionen i Nord-Noreg skulle heita «Mordor fylke» etter regionen i Tolkiens fantasiverk Ringenes Herre. Dette alternativet fekk desidert flest røyster i ei nett-røysting. Ordføraren humrar, og seier at det er viktig at namnet er skikkeleg.

– Det finst reglar for kva namn som kan godkjennast. Det må ha ein viss relevans, seier Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir det slik at dei alternativa med flest røyster blir favorisert?

– Nei. Sjølve valet kjem til å bli fatta av det felles kommunestyret den 24. august, seier dei.

Endeleg vedtak 24. august

Innleveringsfristen for å koma med forslag blir 18. juni. Deretter vil namnenemnda, som består av dei to ordførarane, gå gjennom alle dei innkomne forslaga, og presentera ei liste for styringsgruppa for kommunesamanslåinga. Denne skal også leggjast fram offentleg, før det felles kommunestyret fattar endeleg vedtak 24. august.

ol@osogfusa.no